Donkey Kong
- For arkadespelet med same namn, sjå dataspelet Donkey Kong.
| Donkey Kong | |||
| | |||
| Sjanger | Plattform Action-eventyr Puzzle Racing | ||
|---|---|---|---|
| Utviklar(ar) | Nintendo Ikegami Tsushinki (1981) Rare (1994–1999) Namco (2003–2005) Paon (2005–2007) Retro Studios (2010–noverande) | ||
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Fyrste spel | Donkey Kong (1981) | ||
| Siste spel | Donkey Kong Bananza (2025) | ||
| Spinoff-spel | Mario Donkey Kong Country Mario vs. Donkey Kong | ||
Donkey Kong er ei rekkje dataspell som har ein gorilla kalla Donkey Kong, eller andre medlemmer av familien hans, i hovudsetet. Donkey Kong blei utforma i 1981 av Shigeru Miyamoto.[1] Donkey Kong-spel omfattar den opphavlege triologien av arkadespel av Nintendo R&D1, Donkey Kong Country-serien av Rare and Retro Studios, og Mario vs. Donkey Kong-serien av Nintendo Software Technology.
Det fyrste spelet i serien, Donkey Kong frå 1981, introduserte Donkey Kong-figuren som ein skurk og Jumpman, seinare kjend som Mario, som ein helt. I spelet har gorillaen bortført kjærasten til Mario, Pauline. Dette og dei påfølgjande spela er plattform/eventyr-puzzlespel, med Donkey Kong i ei industriell setting. Det kjende Nintendo-spelet Super Mario Bros. kom ut fire år etter. I 1994 blei serien gjenoppliva med Donkey Kong Country, som handler om Donkey Kong og ein gjeng aper som protagonistar i ei jungelsetting mot ei rekkje antropomorfe fiendar, vanligvis ein klan av krokkodillar, og leiaren deira King K. Rool. Dette er eit siderullande plattformspel. Titlar utanfor desse to seriane er rytmespel (Donkey Konga), bilspel (Diddy Kong Racing) og utdanningsspel (Donkey Kong Jr. Math).
Spel i serien
[endre | endre wikiteksten]Denne lista viser alle dataspela i Donkey Kong-serien etter utgjevingsdato. Titlar i feit skrift er titlar frå hovudserien.
- Donkey Kong (1981)
- Donkey Kong Jr.
- Donkey Kong II
- Donkey Kong 3
- Donkey Kong Jr. Math
- Donkey Kong Classics (NES)
- Donkey Kong (GB)
- Donkey Kong Country
- Donkey Kong Land
- Donkey Kong Country 2
- Donkey Kong Land 2
- Donkey Kong Country 3
- Donkey Kong Land III
- Diddy Kong Racing
- Donkey Kong 64
- Donkey Konga
- Mario vs. Donkey Kong
- Donkey Konga 2
- Donkey Kong Jungle Beat
- DK King of Swing
- Mario vs. Donkey Kong 2: March of the Minis
- Donkey Kong Barrel Blast
- Diddy Kong Racing DS
- DK Jungle Climber
- Mario vs. Donkey Kong: Minis March Again!
- Mario vs. Donkey Kong: Mini-Land Mayhem!
- Donkey Kong Country Returns
- Mario and Donkey Kong: Minis on the Move
- Donkey Kong Country: Tropical Freeze
- Mario vs. Donkey Kong: Tipping Stars
- Mini Mario & Friends: Amiibo Challenge
- Donkey Kong Bananza (2025)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kent, Steven L. (16. juni 2010). The Ultimate History of Video Games: Volume Two: from Pong to Pokemon and beyond...the story behind the craze that touched our li ves and changed the world (på engelsk). Crown/Archetype. ISBN 9780307560872.
- Denne artikkelen bygger på «Donkey Kong» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juli 2025.