Dataspelet Donkey Kong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Donkey Kong
Donkey Kong arcade at the QuakeCon 2005.png
Arkademaskin med Donkey Kong
Utviklar(ar) Nintendo
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Mario, Donkey Kong
Sjanger Plattform
Plattform(er) Arkade, NES, GBA,
Virtual Console
Utgjevingsdato(ar) 1981
Aldersgrense PEGI: 3+

Dataspelet Donkey Kong (ドンキーコング) er eit plattformspel utvikla av Nintendo og utgjeve i 1981. I spelet må helten Jumpman, no kjent som Mario, berge ei kvinne som er blitt teken til fange av Donkey Kong, ei diger ape. Helten og apa skulle seinare vise seg å bli to av dei mest populære figurane til Nintendo.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

I spelet styrer ein Jumpman som må koma seg frå botn til toppen av ei bane for å vinne. På toppen ventar Donkey Kong og kvinna han har fanga, og apa kastar tønner frå toppen for å gjere det vanskelegare for Jumpman å nå til topps. Helten kan hoppe og klatre i stigar, og finn han ein hammar kan han få has på mindre fiendar undervegs. Det er til saman fire nivå i spelet; 25m, 50m, 75m og 100m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.