Dopplerradar

Dopplerradar er ein type radar som nyttar dopplereffekten til å finna farten til objekt som rører seg lengre unna. Dette gjer han ved å senda bølgjesignal mot eit mål og ta imot dei reflekterte bølgjene (ekkoet) for så å analysera korleis frekvensen til signalet er blitt endra av rørsla til objektet. Ein bruker dopplerradar mellom anna til radarkontroll av bilfart, luftfart, medisinsk ultralyd og meteorologi.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Holtebekk, Trygve. Dopplereffekt (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 16. mars 2014.
- Radarkontroll (17. februar 2012), Store norske leksikon. Henta 16. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Doppler radar» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2014.
