Hopp til innhald

Douglas Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Douglas Adams

Pseudonym David Agnew
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 11. mars 1952
Cambridge
Død

11. mai 2001 (49 år)
Santa Barbara

Yrke skodespelforfattar, manusforfattar, romanforfattar, barnebokforfattar, science fiction-forfattar, komikar, skribent, musikar
Språk engelsk
Høgd 1,96 meter
Sjanger science fiction, komedie, satire
Medlem av Footlights, Groucho Club
Religion ateisme
Far Christopher Douglas Adams
Mor Janet Adams
Ektefelle Jane Belson
Born Polly Jane Rocket Adams
Signatur
Douglas Adams på Commons

Douglas Noël Adams (11. mars 195211. mai 2001) var ein engelsk science fiction-forfattar, best kjend for sitt arbeid med radioserien Doctor Who, bokserien The Hitchhiker's Guide to the Galaxy (Haikerens guide til galaksen) og romanane om den holistiske detektiven Dirk Gently. Samtlege bøker er gjennomsyra av ordspel, talentfull leik med språket og ein til tider obskur humor.

Adams har òg produsert ei rekkje teksteventyrspel.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

The Hitchhiker's Guide to the Galaxy[endre | endre wikiteksten]

  • The Hitchhiker's Guide to the Galaxy, 1979 (norsk tittel: Haikerens guide til galaksen)
  • The Restaurant at the End of the Universe, 1980 (norsk tittel: Restauranten der universet slutter)
  • Life, the Universe and Everything, 1982 (norsk tittel: Livet, universet, og alt mulig)
  • So Long, and Thanks for All the Fish, 1984 (norsk tittel: Ha det, og takk for all fisken)
  • Mostly Harmless, 1992 (norsk tittel: Stort sett harmløs)

Trilogien (som ironisk nok består av 5 bøker) vart opphavleg skriven som eit radiomanus for BBC, og finst òg som fjernsynsserie. Eit kjenneteikn ved dei ulike versjonane er at innhaldet varierer sterkt frå format til format. Ein spelefilm er òg produsert.

Dirk Gently[endre | endre wikiteksten]

Andre bøker[endre | endre wikiteksten]

Douglas Adams og astronomi[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i The Hitchhiker's Guide to the Galaxy finn stad rundt omkring i universet og er difor naturlegvis gjennomsyra av astronomi. Den 10. mai 2001, dagen før Douglas Adams brått og uventa døydde, fekk ein ekte asteroide i solsystemet det offisielle namnet (18610) Arthurdent, oppkalla etter hovudpersonen i trilogien. Seinare er ein annan asteroide blitt døypt (25924) Douglasadams.