Dråpen i Havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dråpen i Havet
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer915990347
Skipa2015
Nettstadhttps://drapenihavet.no Sjå dette på Wikidata

Dråpen i Havet er ein humanitær hjelpeorganisasjon, som vart starta av Trude Jacobsen i 2015. Utgangspunktet var eit stort behov for hjelp til båtflyktningar som kom sjøvegen til Lesvos og andre greske øyar i Egeerhavet mellom Tyrkia og Hellas.[1] Jacobsen mobiliserte i starten frivillige i Noreg. Ni år seinare er organisasjonen prega av internasjonal deltaking av frivillige frå over 70 land.[2]

Dei første åra deltok frivillige i stor grad med å ta imot og hjelpe båtflyktningar når dei kom til land. Etterkvart har arbeidet blitt sentrert til flyktningleirar på øyane og fastlandet i Hellas. Dråpen i Havet knyter aktivitetane sine til fire programområde; humanitær hjelp, uformell utdanning, integreringsprosjekt og kapasitetsbygging. Formålet med arbeidet er å yte støtte til menneske på flukt og dele informasjon om flyktningar sin situasjon. Dråpen i havet har eit særskilt søkelys på kvinner og born.[3]

Sidan 2015 har over 8000 frivillige delteke i arbeidet til Dråpen i Havet.[2] I tillegg til Hellas har Dråpen i havet arbeidd i Bosnia-Herzegovina, og i Polen i samband med krigen i Ukraina.[4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2015 - Norske Helter - Årets Initiativ[5]
  • Annette Thommessens Minnepris for 2020/2021 frå NOAS[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historie», Dråpen i Havet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024 
  2. 2,0 2,1 «Opportunities», Dråpen i Havet (på engelsk), henta 20. mars 2024 
  3. «Dråpen I Havet : Innsamlingskontrollen», www.innsamlingskontrollen.no, henta 20. mars 2024 
  4. «Vårt arbeid», Dråpen i Havet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024 
  5. Havet, Dråpen i (9. desember 2015), «Norske helter 2015: Prisen for Beste Initiativ til Dråpen i Havet», Dråpen i Havet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024 
  6. «Annette A. Thommessens minnefond», NOAS (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dråpen i Havet