Drammens Tidende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Drammens Tidende, som tidlegare hadde namnet Drammens Tidende og Buskeruds Blad, er ei avis som kjem ut i Drammen og dekkjer Buskerud fylke, med hovudvekt på Drammen. Avisa er eigd av Orkla Media, som no heiter Edda Media.

Drammens Tidende vart skipa i 1832 under namnet Tiden, og er den nest eldste avisa som framleis kjem ut i Noreg. I 1883 vart Buskeruds Blad skipa i Drammen, og dei to avisene vart slege saman til ei avis i 1961, Drammens Tidende og Buskeruds Blad, etter at de hadde hatt same eigar sidan 1897, og sams redaktør sidan 1901. Frå 2000 fekk avisa det noverande namnet Drammens Tidende.

I 1998 ble nettavisa dt.no etablert, og 2. januar 2004 gikk Drammens Tidende over til tabloidformat. Drammens Tidende åtte òg lokal-TV-stasjonen TV Drammen.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 46 709
2001 49 174
2002 47 090
2003 45 271
2004 44 426
2005 43 244
2006 42 322
2007 40 954
2008 39 121
2009 37 678
2010 36 109
2014 26 990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.