Driftin' Blues
Driftin' Blues Singel av Johnny Moore's Three Blazers | ||
B-side |
«Groovy» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1945 | |
Innspelt | Los Angeles 14. september 1945 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 3:12 | |
Selskap | Philo (Cat. nr. 112) | |
Komponist | Charles Brown | |
Tekstforfattar | Charles Brown | |
Låtskrivar(ar) | Charles Brown, Johnny Moore, Eddie Williams | |
Johnny Moore's Three Blazers-kronologi | ||
«Baby Don't You Cry» (1945) |
Driftin' Blues | «You Are My First Love» (1946)
|
«Driftin' Blues» eller «Drifting Blues» er ein bluesstandard gjort i vestkyst-bluesstil.[1] Han vart skriven og først spelt inn av Johnny Moore's Three Blazers og vart ein av dei største blueshittane i 1940-åra.[2] I løpet av åra har songen vorte tolka og spelt inn . Den originale «Driftin' Blues» er anerkjend av Blues Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame.
Originalen
[endre | endre wikiteksten]Johnny Moore's Three Blazers spelte inn «Driftin' Blues» i 1945. Gruppa, stundom kjend som ein «klubb-blues»[3] combo, bestod av Charles Brown (vokal og piano), Johnny Moore (gitar), Eddie Williams (bass) og Johnny Otis (trommer). Songen vart utvikla under dei mange konsertane deira på klubbane i Los Angeles og er tilskriven Brown, Moore og Williams.[2] Songen er ein langsam 12-taktsblues, med Brown på vokal og piano. Brown kommenterte at «det var den første songen er skreiv ned og prøvde å synge».[2] Framføringa deira av songen vart godt teken i mot go førte til platekontrakt med Philo (seinare Aladdin) Records.[2] «Driftin' Blues» vart ein hit go låt 23 veker på Billboard R&B chart.[4] Songen nådde andreplass og stod att som ein av den mestseljande svarte platene i 1945 og 1946.[2]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Sidan songen var populær, tok andre artistar snart til å spele inn songen. Somme følgde originalen, medan andre tolka han forskjellig. Så tidleg som i 1946 spelte ein ung Ray Charles songen regelmessig. Som han kommenterte: «Charles Brown hadde stor innverknad på meg i den tidlege delen av karrieren min, særleg då eg sleit nede i Florida. Eg tenkte mang ein dollar med å imitere han på 'Drifting Blues'. Det var litt av ein song.».[5] I 1950 spelte Lightnin' Hopkins ein heilt annan versjon av songen, berre med seg sjølv på sforsterka gitar. John Lee Hooker gjorde ein liknande versjon i 1961. Billy Eckstine spelte inn songen i 1959 for albumet Basie/Eckstine Incorporated. Chuck Berry spelte inn sin versjon av songen i 1960 for albumet Rockin' at the Hops.
«Driftin' Blues» gjekk igjen inn på listene i 1968 då Bobby «Blue» Bland spelte han inn. Versjonen hans nådde 23. plass og låg elleve veker på R&B-lista.[6] Bland-utgåva nådde òg 96. plass på poplista. På Monterey Pop Festival i 1967 spelte Paul Butterfield Blues Band (med full blåseseksjon) ein ni minuttar lang versjon av songen. Ei anna konsertutgåve, med ein lang gitarsolo, vart spelt inn av Albert King i Fillmore Auditorium i 1968. I 1969 spelte Charles Brown ein oppdatert versjon av «Driftin' Blues».[7] Eric Clapton gjorde fleire versjonar av songen, mellom anna for konsertalbumet E. C. Was Here i 1975 og som ein akustisk song (som «Driftin'») for From the Cradle i 1994.
Lovord
[endre | endre wikiteksten]Songen vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1989 i kategorien «Classics of Blues Recordings»[8] og vart med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll".[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Driftin' Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Herzhaft, Gerard (1992). Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. ISBN 1-55728-252-8.
- Hannusch, Jeff (1992). Driftin' Blues: The Best of Charles Brown (liner notes). Aladdin CDP-7-97989-2.
- Cogdell Dje Dje, Jacqueline; Meadows, Eddie S. (1998). California Soul: Music of African Americans in the West. University of California Press. ISBN 9780520206281.
- Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942-1988. Records Research, Inc. ISBN 0-89820-068-7.
- Charles, Ray; Ritz, David (2003). Brother Ray: Ray Charles' Own Story. Da Capo Press. ISBN 9780306813351.
- Danchin, Sebastian (2001). Earl Hooker: Blues Master. University of Mississippi Press. ISBN 9781578063079.
- ↑ Herzhaft 1992, s. 445.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Hannusch 1992, s. 3-4.
- ↑ Cogdell Dje Dje 1998, s. 225.
- ↑ Whitburn 1988, s. 299.
- ↑ Charles 2003
- ↑ Whitburn 1988, s. 26.
- ↑ Danchin 2001, s. 298.
- ↑ «1989 Blues Hall of Fame Inductees». The Blues Foundation. Henta 15. mars 2011.[daud lenkje]
- ↑ «500 Songs that Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. 2004. Arkivert frå originalen 8. juni 2007. Henta 15. mars 2011.
- Songar frå 1945
- Charles Brown-songar
- Singlar frå 1968
- Ray Charles-songar
- John Lee Hooker-songar
- Albert King-songar
- Eric Clapton-songar
- Bluessongar
- Bobby Bland-songar
- Little Willie Littlefield-songar
- Chuck Berry-songar
- Sam Cooke-songar
- Bukka White-songar
- B.B. King-songar
- Pete Townshend-songar
- Ike & Tina Turner-songar
- Bjørn Berge-songar
- Steve Miller Band-songar
- John Mayall-songar
- Paul Butterfield-songar
- Canned Heat-songar