Driveplikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Driveplikt er i Noreg ei plikt til å drive ein landbrukseigedom. I praksis gjeld driveplikta gardsbruk med anten minst 100 dekar areal eller minst 20 dekar dyrka mark.

Den som tek over eigedom som han har odelsrett til, har plikt til å drive eigedommen i 5 år. Andre kjøparar kan som eit konsesjonvilkår få tilsvarande driveplikt.

Eigaren treng ikkje sjølv gjere det praktiske arbeidet, men han må stå økonomisk ansvarleg for drifta. Dersom kommunen meiner det vil vere ei god løysing, er det tilstrekkelg at han leiger bort jordbuksarealet til eit nabobruk på langsiktig skriftleg avtale.

Driveplikt vert ofte sett i samanheng med buplikt på landbrukseigedom.

Kommunen gje fritak frå driveplikta. Dei vil då m.a. ta omsyn til

  • om det i området der eigedomen ligg er bruk for jordbruksarealet som tilleggsareal
  • kor viktig det er å halde det aktuelle jordbruksarealet i hevd.

Dersom kjøparen ikkje rettar seg etter eit pålegg om driveplikt, kan eigedommen i ytste konsekvens verte seld på tvangsauksjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]