Gardsbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg bruk

Gardsbruk, eller berre bruk, er ei eining i ein matrikkelgard.

Kvart bruk kan vere ein eigedom, driftseining eller bustad. Eit bruk har gardsnummer etter matrikkelgarden og sitt eige bruksnummer. Frådelte bruk, parsellar og tomter får fortløpande sitt eige bruksnummer. Tilsvarande kan frådelte bruksrettar i visse høve få eit sitt eige bruksnummer. Bruksnummeret seier difor ikkje noko om storleiken på bruket, men om når det er delt frå hovudbruket. Ei festetomt vil få sitt eige festenummer under bruket det er festa frå.

Husmannsplassar er ikkje matrikulerte, det vil seie at dei ikkje har eige gards- og bruksnummer. Opphavlege husmannsplassar vil likevel få sitt eige bruksnummer under gardsnummeret til matrikkelgarden om dei seinare vert kjøpt ut og tillaten skilt frå bruket dei har høyrd til.