Drivreim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatreimdrift (skøyten på reima er synleg).
Kilereimsdrift.
Tannreimsdrift: registerreim på ein bilmotor.

Drivreim er ei endelaus reim som vert nytta for å kopla saman to eller fleire roterande akslingar.

Flatreim[endre | endre wikiteksten]

Flatreimer er ikkje så vanlege som dei ein gong var. På 1800-talet og fram til midten av 1900-talet vart dei nytta til å drive maskiner i fabrikkar, for effektoverføring frå dampmaskiner til treskeverk, kverner, pumper osb. I regnver hende det at flatreimer slura og for å auka friksjonsflata var det vanleg å kryssa dei. I dag vert kilereimer nytta der flatreimer vart nytta før.

Kilereim[endre | endre wikiteksten]

Kilereimer er, som namnet røper, kileforma. Dette fører til at dei får godt feste på reimskiva. Kilereimer er billege og robuste og har lang levetid. Dei vert difor nytta til mange forskjellige føremål. Eit typisk døme er viftereimer på bilmotorar. Andre døme er i kilereimvariatorar.

Tannreim[endre | endre wikiteksten]

Tannreimsdrift vert nytta når ein ynskjer å synkronisera to, eller fleire, akslingar. Eit typisk døme er registerreima i mange bilmotorar. Det finst eit stort utval av tannreimer. Mange er laga med snevre toleransar for å sikra nøyaktig synkronisering av akslingane som vert kopla saman.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]