Drury Lane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For teateret, sjå Theatre Royal Drury Lane.
Drury Lane
Kart
Drury Lane
51°30′54″N 0°07′22″W / 51.515°N 0.12277777777778°W / 51.515; -0.12277777777778

Drury Lane er ei gate i den delen av sentrale London som blir kalla Covent Garden. Drury Lane går frå Aldwych opp til High Holborn. Den sørlege delen ligg i bydelen Westminster og den nordlege i Camden.

Gateløpet går tilbake til mellomalderen, men namnet fekk gata etter ein sir William Drury, som i 1590 sette opp sitt Drury House ved den sørlege enden av gata. Eit av dei verste utbrota under pesta som kravde 100 000 liv i London i 1665 fann stad i Drury Lane. Kronikøren Samuel Pepys fortel at mange hus var merka med eit raudt kors og påskrifta «Lord have mercy upon us» på døra. Væpna soldatar blei utplasserte for å hindra at folk forlét området, men til liten nytte.

På 1500- og 1600-talet var Drury Lane ei respektabel adresse, men området forfall og blei utover på 1700-talet invadert av horehus, billege skjenkestader og slumbustader. Mot slutten av 1800-talet blei ein del av slummen sanert. Etter kvart som folk flytta vekk frå området, fekk Drury Lane meir karakter av forretningsgate. Sainsbury's opna det første utsalet sitt i Drury Lane nr. 173 i 1869.

Drury Lane er elles kjent som ei av teatergatene i Covent Garden, og «Drury Lane» blir ofte brukt synonymt med det store teateret Theatre Royal Drury Lane, som sidan 1812 har halde til her. På hjørnet av Parker Street har New London Theatre hatt tilhald sidan 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]