Du Far og Herre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Du Far og Herre, du som rår er ein salme med utgangspunkt i ei bøn henta frå «The Brewing of Soma», skriven av den amerikanske diktaren John Greenleaf Whittier i 1872/1884. Salmen er trykt i Norsk Salmebok nr. 415 med ein melodi av C.H.H. Parry (1888).

Ifølgje Verbum Forlag er salmen omsett til norsk av Arve Brunvoll i året 1978.

I Norsk Salmebok har salmen fem vers. Første verset opnar med orda

«Du Far og Herre, du som rår,
å gløym vår dårskaps vis;»

- og salmen avsluttast med orda

«Lat tvilen vike for vår tru;
i jordskjelv, storm og eld, kom du,
kom, linne susings røyst»