Du Toit Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Du Toit Mountains
fjellkjede
Du Toit Mountains
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 72°28′S 62°11′W / 72.467°S 62.183°W / -72.467; -62.183
Lengd 56 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Du Toit Mountains
72°28′00″S 62°11′00″W / 72.466666666667°S 62.183333333333°W / -72.466666666667; -62.183333333333
Du Toit Mountains is located in Antarktis
Du Toit Mountains (Antarktis)
Wikimedia Commons: Du Toit Mountains

Du Toit Mountains er ei fjellkjede søraust i Palmer Land i Antarktis. Fjellkjeda er 56 km lang og 16 km brei og ligg sørvest for Wilson Mountains. Fjella har toppar opp til 1700 moh og grensar til Beaumontbreen, Maurybreen og Defantbreen. Dei vart først fotograferte frå lufta av U.S. Antarctic Service i 1940; fotografert på ny av U.S. Navy, 1966–69, og kartlagd frå fotografi av U.S. Geological Survey. I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart dei namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter Alexander du Toit, ein sørafrikansk geolog som tidleg støtta teorien om kontinentaldrift.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Du Toit Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).