Dubaivika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dubaivika
vik
Abras på Dubaivika
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Dubai
Koordinatar 25°15′N 55°19′E
Kart
Dubaivika
25°15′21″ N 55°19′0″ E
Wikimedia Commons: Dubai Creek

Dubaivika er ei vik i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Ho endar ved Ras Al Khor viltreservat. Somme kjelder meiner at vika går så langt inn i landet som til Al Ain, og at dei gamle grekarane kalla ho Zaraelva[1] Historisk delte vika byen i to – Deira og Bur Dubai. Det var langs Bur Dubai-området at medlemmar av Bani Yas-stamma først slo seg ned på 1800-talet, og grunnla Al Maktoum-dynastiet i byen.[2] Tidleg på 1900-talet hadde vika ei lita hamn for dhow-båtar som kom så langt vekke frå som India eller Aust-Afrika. Sjølv om straumen i vika hindra skip å gå segle inn, var vika eit viktig element når det gjaldt plasseringa av handelsområdet i Dubai, sidan det var den einaste hamna i byen.[3] Perlejaktindustrien i Dubai, som var hovudnæringa i byen, var hovudsakleg basert på fangst i vika.

Dubaivika i 1964
Båttaxi i Dubaivika med Nasjonalbanken i Dubai og Dubai handelskammer og industri i bakgrunnen.

Fiske var òg ein viktig industri på den tida og det varme, grunne farvatnet hadde eit rikt dyreliv. I 1955 vart det lagt planar om å utvikle vika, mellom anna oppmudring av dei grunne områda, bygginga av ein molo og utvikle stranda med eit kaianlegg.[3] Vika vart først oppmudra i 1961.[4] Ho vart oppmudra igjen i 1960- og 1970-åra, så ho kunne ta i mot skip opp til 500 tonn.[5] Oppmudringa auka skipstrafikken til Dubai, og byen fekk ein fordel i høve til Sharjah, det andre dominerande handelssenteret i regionen på den tida.[5] Al Maktoum-brua, den første brua mellom Bur Dubai og Deira, stod ferdig i 1963. Sjølv om vika ikkje lenger er viktig som hamneområde, etter at Jebel Ali-hamna vart utvikla, finst det framleis mindre anlegg, som Port Saeed, langsmed henne.

Det er reist fleire iaugefallande bygningar langs vika, som Deira Twin Towers, Dubai Creek Tower, Sheraton Dubai Creek, Nasjonalbanken og Dubai handelskammer.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Image of Dubai Creek information placard in Dubai Museum». TravelPod.com. Arkivert frå originalen 28. februar 2009. Henta 5. juni 2016. 
  2. Dubai. T. Carter, L Dunston. Lonely Planet. 2006
  3. 3,0 3,1 Doing Business with Dei sameinte arabiske emirata. Terterov, Marat. GMB Publishing Ltd. 2006
  4. Ruling Shaikhs and Her Majesty's Government, 1960-1969. Joyce, Miriam. Routledge. 2003
  5. 5,0 5,1 Negotiating Change: The New Politics of the Middle East. Jones, Jeremy. IB Tauris. 2007
  6. Dubai Creek Gigapixel Arkivert 2009-04-16 ved Wayback Machine..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dubaivika