Al Ain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°12′27″N 55°44′41″E
Al Ain
العين
by
Jabal hafeet shahin.jpg
Utsyn over Grøne Mubazarrah
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Abu Dhabi
Høgd 292 moh
Koordinatar 24°12′27″N 55°44′41″E
Areal 13 100 km²
Folketal 518 316 (2012)
Folketettleik 40 / km²
Sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahyan
Tidssone UAE standardtid (UTC+4)
Verdsarvstad
År 2011 (#35)
Kriterium iii, iv, v
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Ain (Abu Dhabi)

Al Ain (arabisk skrift العين), òg kjend som Hagebyen på grunn av dei grøne områda, er den nest største byen i emiratet Abu Dhabi og den fjerde største byen i Dei sameinte arabiske emirata. Byen har eit folketal på 568 221 (2010) og ligg kring 160 km aust for hovudstaden Abu Dhabi og kring 120 km sør for Dubai. Al-`Ain er fødestaden til sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan, den første presidenten i Dei sameinte arabiske emirata, og han har det største talet på emiratarabiske nasjonale i landet.

Al-`Ain ligg i emiratet Abu Dhabi, inn i landet ved grensa til Oman. Motorvegane mellom Al-`Ain, Abu Dhabi og Dubai dannar ein geografisk trekant i landet, og kvar by ligg kring 130 km frå dei andre to.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk var byen ein del av Ṫawam eller Al Buraimi-oasen. Al-`Ain har vore busett i over 4 000 år med arkeologiske spor etter busetnader i Al-Hili og Jabel Ḥafeeṫ. Desse tidlege kulturane bygde «bikube-graver» for sine døde og dreiv med jakt og samling i området. Oasen gav vatn til tidleg jordbruk fram til moderne tid.

Ein følgjesvein av den islamske profeten Muhammed, Ka`ab Bin Ahbar, vart visstnok sendt til regionen for å introdusere islam for folket. Han slo seg ned og døydde i oasen.[1]

Fortet som i dag står i Al-`Ain vart bygd seint å 1800-talet eller 1900-talet for å forsterka kontrollen til Abu Dhabi over oasen. Wilfred Thesiger vitja Al-`Ain seint i 1940-åra under reisene sine over Den tomme fjerdedelen. Han møtte sjeik Zayed og budde hos han i Al-Muwaiji-fortet. Dette nettverket av festninga tente som handels- og slaveposta for området.

I 1952 sende Saudi-Arabia soldatar for å erobre Al-`Ain-festningane og innlemme oasen i det saudiarabiske kongedømet. Omanske styrkar og hæren til Flugat-Oman kom og erobra attende oasen. Med britisk innblanding overgav dei saudiarabiske styrkane seg og let oasen gå attende til Abu Dhabi og Flugat-Oman.

Før sjølvstendet var Al-`Ain ein del av det arabiske slavehandelsnettverket som strekte seg frå Aust-Afrika til Persiabukta. I 1960-åra avskaffa sjeik Zayed formelt slaveriet. I dag stammar somme familiar i byen frå desse slavane.

I 1971 vitja dronning Elizabeth II Hilton Hotel i området på reisa hennar i Persiabukta. Etter sjølvstendet i 1971 voks Al-`Ain raskt større enn den omanske Al-Buraimi. I 1972 vart Oman og Abu Dhabi endeleg samde om grensa mellom Al-Buraimi og Al-`Ain. Fram til sjeik Zayed døydde i 2004 var det forbod mot å byggje byggningar høgare enn fire etasjar i Al-`Ain, med unntak av hotella Hilton, Danat Al Ain Resort og Rotana.

I 1990-åra oppstod det store opprør hos arbeidarar i industridistriktet Aṣ-Ṣana`iya i Al-`Ain. Dette opprøret vart undertrykt av den emiratarabiske hæren og lokale politistyrkar. Alle arbeidarane som var involvert vart internert og deportert.

Fram til 2006 var det open grense mellom Al-Buraimi og Al-`Ain. Grensa vart stengd i november 2006 og det vart innført passkontroll.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Al-Ain ligg aust i emiratet Abu Dhabi like sør for Dubai og aust for Abu Dhabi. Dei austlege områda dekkjer kring 13 100 km². Oman ligg i aust, Dubai og Sharjah i nord, Abu Dhabi i vest og ørkenen Den tomme fjerdedelen og Saudi-Arabia i sør. Topografien i Al-`Ain er unik og varierer på veg austover. Jebel Hafeet (Hafeet-fjellet) vert rekna som eit av monumenta i Al-`Ain, og ligg like mot søraust og stig til 1300 meter over havet. Sanddyner av varierande form er farga raud av jernoksid nord og aust for Al-Ain.

Klima[endre | endre wikiteksten]

I Al-`Ain er årsmiddelnedbøren 96 mm og ei gjennomsnittleg relativ fukt på 60 %. Den låge fukta i Al-`Ain, særleg om sommaren, gjer at det er ein populær feriestad. Boer (1997) klassifiserte klimaet i Emiratane som særs tørt og delte det inn i fire klimaområde: Kystsonen langs Persiabukta, fjellområda nordaust i llandet, grusslettene kring Al-`Ain og den sentrale og sørlege sandørkenen. Det kjem meir nedbør i nordaust enn i sør og vest.

Oase[endre | endre wikiteksten]

Falajsystemet for kunstig vatning i Al Ain-oasen.
For meir om dette emnet, sjå Al Ain-oasen.

Al-`Ain-oasane er kjende for det underjordiske vatningssystemet «falaj» (eller qanāt) som fører vatn frå borehol til gardar og palmetre. Falaj-systemet er eldgamalt og går fleire tusen år attende, og har hovudsakleg blitt nytta i Oman, Dei sameinte arabiske emirata, Kina, Iran og andre land. Al-`Ain har sju oasar. Den største er Al Ain-oasen, nær Gamle Sarooj, og den minste er Al-Jahili-oasen. Dei andre er Al-Qaṭṭara, Al-Mu`ṫaredh, Al-Jimi, Al-Muwaiji og Al-Hili.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hazrat Subhan Qadri at Mazar e Mubarak Hazrat Kaab Bin Ahbar RA and other Companions, Al-`Ain ,UAE». YouTube. 30. juni 2016. Henta 16. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Al Ain