Dubliners

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For den irske folkemusikkgruppa, sjå The Dubliners.
Dubliners
Joyce - Dubliners, 1914 - 3690390 F.jpg
Forfattar(ar)James Joyce
Språkengelsk
Blei til1904
Utgjeven1914

Dubliners er ei novellesamling av James Joyce som kom ut i 1914.[1] Ho inneheld femten noveller som saman gjev eit naturalistisk bilde av irsk middelklasseliv i og rundt Dublin tidleg på 1900-talet.

Novellene blei skrivne då irsk nasjonalisme hadde eit høgdepunkt, og ein leita etter ein nasjonal identitet og føremål. Irland var ved eit vendepunkt i historia og kulturen sin, påverka av ulike idear og påverknader. Forteljingane krinsar kring Joyce sin ide om openberring - ein augneblink der ein person går gjennom ei livsendrande sjølvforståing eller opplysing, og ideen om lamming der Joyce følte at irsk nasjonalisme stogga kulturell utvikling. Dublin var sentrum for denne regressive rørsla.

Mange av figurane i Dubliners opptrer seinare i mindre roller i Joyce sin roman Ulysses.[2] Dei første novellene har barn som hovudpersonar og forteljarar. Seinare i samlinga blir hovudpersonane gradvis eldre. Joyce tenkte seg eit verk i tre delar som tok for seg barndom, ungdom og mogen alder.

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1905, då Joyce først sende eit manuskript til ein forleggjar, og 1914, då boka endeleg kom ut, sende Joyce frå seg boka 18 til 15 ulike forleggjarar. London-baserte Grant Richards gjekk med på å gje ut verket i 1905. Trykkaren deire nekta derimot å setja ei av novellene («Two Gallants»), og Richards byrja pressa Joyce til å fjerna fleire tekstdelar som han også hevda trykkaren nekta å trykka. Joyce protesterte, men gjekk til slutt med på nokre av endringane. Richards gjekk til slutt tilbake på avtalen. Deretter sende Joyce manuskriptet til andre forleggjarar, og rundt tre år seinare (1909) fann han ein villig kandidat i Maunsel & Roberts i Dublin. Ein liknande kontrovers utvikla seg der, og Maunsel både nekta å gje ut boka og truga Joyce med å gå til søksmål for trykkekostnaden han allereie hadda hatt. Joyce tilbaud seg å betala for trykkekostnadane sjølv mot å ta over trykkearbeidet. Då han kom til trykkaren blei Joyce nekta å få dokumenta, og dei blei brende neste dag. Joyce klarte å sikra seg eit eksemplar. Deretter fortsette han å oppsøka forleggjarar, og i 1914 gjekk Grant Richards igjen med på å gje ut verket etter manuskriptet Joyce hadde redda frå Maunsel.[3]

Novellene[endre | endre wikiteksten]

  • «The Sisters» – Etter at presten Father Flynn døyr, taklar ein ung gut som stod nær han og familien hans døden på ein overflatisk måte.
  • «An Encounter» – To skulkande skulegutar møter ein mellomaldanrde mannn.
  • «Araby» – Ein gut er forelska i systera til vennen sin, men klarer ikkje finna ei god nok gåve til henne i Araby-basaren.
  • «Eveline» – Ei ung kvinne vurderer avgjerda si om å forlata Irland med ein sjømann.
  • «After the Race» – Studenten Jimmy Doyle prøver å passa inn med dei velståanade vennane sine.
  • «Two Gallants» – To lurendreiarar, Lenehan og Corley, finn ei tenestjente som er villig til å stela frå arbeidsgjevaren sin.
  • «The Boarding House» – Mrs Mooney klarer å styra dotter si Polly inn i eit fordelaktig ekteskap med leigebuaren sin, Mr Doran.
  • «A Little Cloud» – Little Chandler sin middag med den gamle vennen sin Ignatius Gallaher set dei feila litterære draumane hans i nytt lys.
  • «Counterparts» – Farrington, ein drukken skrivar, tek ut frustrasjonen sin i pubar og mot sonen Tom.
  • «Clay» – Ugifte Maria, ei gammal vaskekone, feirer halloween med det tidlegare fosterbarnet sitJoe Donnelly og familien hans.
  • «A Painful Case» – Mr Duffy avviser Mrs Sinico, og fire år seinare forstår han at han har fordømt henne til einsemd og død.
  • «Ivy Day in the Committee Room» – Lokale politikarar feiler i å leva opp til Charles Stewart Parnell sitt minne.
  • «A Mother» – Mrs Kearney prøver å vinna heider for dotter si, Kathleen, i den irske nasjonalistiske kulturrørsla gjennom å få henne til å halda ei rekkje konsertar, men feiler til slutt.
  • «Grace» – Etter at Mr Kernan skadar seg ved å falla ned trappa i ein bar, prøver vennane hans å reformera han gjennom katolisisme.
  • «The Dead» – Gabriel Conroy er på ein fest, og seinare, medan han snakkar med kona si, har han ei openberring om livet og døden. Med ei lengd på 15–16 000 ord er denne forteljina også blitt klassifisert som ein kortroman.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Dubliners er omsett til Dublinere på bokmål av Olav Angell i 1974 ,[4] Dublin-noveller (1931) og Dublinbor (1956) på svensk og Dublinfolk på dansk. «The Dead» er omsett til nynorsk som Dei døde av Jon Fosse.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Osteen, Mark (22. juni 1995). «A Splendid Bazaar: The Shopper's Guide to the New Dubliners.». Studies in Short Fiction. 
  2. Michael Groden. «Notes on James Joyce's Ulysses». The University of Western Ontario. Arkivert frå originalen 1. november 2005. 
  3. Jeri Johnson, "Composition and Publication History", i James Joyce, Dubliners (Oxford University Press, 2000).
  4. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 29. februar 2020 
  5. Joyce, James, pg Jon Fosse. Dei døde. Skalds klassikarar. Leikanger: Skald, 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Dubliners ved Wikisource.