Ulysses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulysses
Ulysses

Forfattar(ar)James Joyce
Språkengelsk
Blei til1914
Sjangerlitterær modernisme, eksperimentell litteratur, litterær fiksjon, metafiksjon, føljetong, sjølvbiografi
Utgjeven2. februar 1922
ForlagShakespeare and Company, Sylvia Beach

Ulysses er ei bok av den irske forfattaren James Joyce, utgjeven i 1922. Boka føregår i Dublin i løpet av eit døgn, 16. juni 1904. Denne datoen er seinare blitt markert som Bloomsday.

Ulysses og den litterære modernismen[endre | endre wikiteksten]

Ulysses, engelsk utgåve ved Egoist Press, 1922
Bilde av James Joyce laga med tekst frå Ulysses.

1922 er eit nøkkelår i engelskspråkleg litteraturhistorie, med utgjevinga av både Ulysses og av T.S. Eliot sitt dikt The Waste Land, som skulle prega den gryande litterære modernismen. I Ulysses nyttar Joyce ei rekkje teknikkar som medvitsstraum (stream of consciousness), parodi, intervju, drama, kiosklitteratur og andre teknikkar og metodar for å presentera rollefigurane sine.

Handlinga går føre seg på ein einaste dag, 16. juni 1904, i det moderne Dublin og følgjer den gamle myten om Ulysses (eller Odyssevs), Penelope og Telemakhos, representert i skikkelsen Leopold Bloom, kona hans Molly Bloom og Stephen Dedalus, som er parodisk portretterte opp mot modellane sine frå antikken. Boka utforskar diverse delar av tilveret i Dublin, og dvelar ved elendet og skifteløysa i livet der. Boka er likevel òg ein lidenskapeleg og detaljert studie av byen, og Joyce uttalte at om byen skulle øydeleggjast av ein katastrofe, kunne han byggjast opp på nytt, brikke for brikke, ved å bruka verket hans som modell. For å kunna oppnå dette nivået av presisjon, brukte han 1904-utgåva av Thom's Directory- eit oppslagsverk over alle innehavarar og leietakarar i alle hus og leigegardar i byen. Samstundes korresponderte han med vener som framleis budde der med førespurnader om informasjon.

Romanen består av 18 kapittel fordelt over tre bøker eller delar, der kvart kapittel dekker omtrent ein time av dagen, frå kl. 8 til ca. kl. 2 neste morgon. Kvart av dei 18 kapitla har sin eigen litterære stil. Kvart kapittel refererer òg til ein spesiell episode i Odysseen, og assosierer til ein spesiell farge, kunst eller vitskap og kroppsdelar Denne kombinasjonen av kaleidoskopisk skriving med ein ekstremt formell, skjematisk struktur representerer eit av dei viktigaste bidraga boka hadde på utviklinga av den moderne litteraturen på 1900-talet. Kretsinga rundt ytre detaljar i ein roman der nesten alt føregår på det indre planet var òg nyskapande.

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Portrett av James Joyce i Paris, 1924, ved Patrick Tuohy.

Medan Joyce gjorde ferdig novellesamlinga Dubliners i 1906 vurderte han å leggja til endå ei historie, om ein jødisk annonseagent kalla Leopold Bloom under tittelen Ulysses. Historia blei aldri skriven, men han heldt fastpå ideen, og i 1914 byrja han arbeidet på ein roman der han brukte både tittelen og dei grunnleggjande premissane. Han gjorde romanen ferdig i oktober 1921.

Takka vera Ezra Pound blei ei rekkje utdrag frå romanen gjevne ut i The Little Review frå 1918. Dette magasinet blei redigert av Margaret Anderson og Jane Heap med støtte frå John Quinn, ein advokat frå New York med interesse for samtidig eksperimentell kunst og litteratur. Dette førte likevel til problem med amerikansk sensur, og i 1920 blei utgjevarane straffa for å ha gjeve ut utuktig litteratur, noko som sette ein stoppar for vidare offentleggjering av romanen. Ulysses blei verande forboden i USA fram til 1933.

Denne kontroversielle hendinga gjorde det vanskeleg for Joyce å finna ein forleggjar til boka, men ho blei gjeven ut i 1922 av Sylvia Beach på hennar velkjende Shakespeare and Company. Ei engelsk utgåve som blei gjeven ut same året av Joyce sin vernar, Harriet Shaw Weaver, førte til fleire vanskar med amerikanske styresmakter, og fem hundre kopiar som var smugla inn i Statane blei beslaglagde og moglegvis øydelagde. Året etter trykte John Rodker eit opplag på fem hundre nye eksemplar for å erstatta dei manglande, men desse blei brunne av det britiske tollvesenet i Folkstone. Ei anna følgje av den illegale statusen til boka var at det dukka opp ei rekkje piratkopiar.

Tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Ulysses har hatt ein utvilsam innverknad på utviklinga til den moderne romanen. Med dette verket innførte Joyce ein ny hyperrealisme i prosaen, når han samstundes med at han følgjer personane skritt for skritt gjennom gatene i Dublin òg følgjer den indre tankeverda deira i assosiasjonane og uføreseielege sprang ho måtte ta. Denne medvitsstraum-teknikken er blitt teken i bruk i skiftande grad i ei stor mengd seinare romanar. Den ytre realismen er òg slåande, særleg om ein tek i betrakting at Joyce skreiv heile teksta i utlandet. Når det ikkje lenger er så lett å følgja Bloom si rute frå gate til gate i dag, er det fordi Dublin har endra seg.

I tillegg til dei ofte uforklarlege tankespranga vrimlar det av tilvisingar til mytologiske skikkelsar og til andre tekster i romanen, og allusjonane er aldri forklart. Namn kan forkortast eller vera medvite forvrengte. Det finst difor ein rikhaldig litteratur om Ulysses, der dei gåtefulle tilvisingane er freista forklart. Joyce sa ein gong: «Eg har lagt inn så mange gåter at det vil halda professorane beskjeftiga i hundreår med å diskutera kva eg har meint. Det er den einaste måten ein kan sikra seg å bli udøydeleg på.»

Forfattaren sjølv delte teksta i 18 nummererte kapittel. Titlane på kapitla blei lagde til av seinare kommentatorar for å gjera tydeleg sambandet med Odysseen og på den måten reinvaska forfattaren for pornografiskuldingane. Det er likevel blitt vanleg å bruka titlane i seinare utgåver.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Del 1

  1. Telemakhos
  2. Nestor
  3. Protevs

Del 2

  1. Kalypso
  2. Lotusetarane
  3. Dødsriket
  4. Aiolos
  5. Laistrygonarane
  6. Skylla og Kharybdis
  7. Vandrande klipper
  8. Sirenene
  9. Kyklopen
  10. Navsikaa
  11. Solgudens oksar
  12. Kirke

Del 3

  1. Evmaios
  2. Ithaka
  3. Penelope

Telemakhos[endre | endre wikiteksten]

Handlinga byrjar tidleg om morgonen inne i eit kystfort ved Sandycove i Dublinbukta. Buck Mulligan (ein brautande og bråkjekk ung medisinstudent), Haines (ein ubestemmeleg engelskmann) og Stephen Dedalus (ein ung poet som òg opptrer i Et portrett av kunstneren som ung mann) førebur seg på ein ny dag. Stephen sørgjer over mora, som nettopp er død, og Buck fyrer opp under det dårlege samvitet hans for ikkje å ha gjort nok for ho medan ho låg på det siste. Dei går kvar til sitt, og Stephen bestemmer seg for å ikkje venda attende til fortet på grunn av Mulligan.

Nestor[endre | endre wikiteksten]

Stephen er i klasserommet, der han prøver å undervisa uinteresserte skulegutar i historie og engelsk. Når timen er slutt, går Stephen inn på kontoret til rektor og tek imot løna si og eit brev som skal leverast i ein avisredaksjon.

Protevs[endre | endre wikiteksten]

Stephen streifar rundt på stranda, tenkjer, minnest, vurderer eit par og ein hund og skriv ned nokre diktfragment.

Kalypso[endre | endre wikiteksten]

I dei følgjande kapitla er Leopold Bloom hovudperson. Bloom er ein jødisk annonseakkvisitør som bur i Eccles street. Han ruslar over til slaktaren for å kjøpa seg ei nyre å steika til frukost. Han serverer kona Molly post og frukost på senga, les brevet frå dottera Milly og går deretter på do.

Lotusetarane[endre | endre wikiteksten]

Bloom går seg via ein omveg til postkontoret, der han hentar eit kjærleiksbrev frå ei viss Martha Clifford, adressert poste restante til pseudonymet Henry Flower. Etter å ha lese brevet, stikk han det i lomma og riv konvolutten i bitar. På veg til badet møter han eit par kjenningar som han småpratar med.

Hades[endre | endre wikiteksten]

Kapittelet opnar med at Bloom stig inn i ei vogn i ei gravferdsfølgje saman med tre andre, blant dei far til Stephen, Simon Dedalus. Dei skal i gravferda til ein kjenning, Dignam, som nyleg døydde brått. Mykje av praten går om ulike måtar å døy på. Det framgår at far til Bloom tok sitt eige liv. Kapittelet attgjev i stor grad Bloom sine tankar under seremonien og jordfestinga; desse krinsar kring død og rotning.

Aiolos[endre | endre wikiteksten]

Bloom kjem til avisredaksjonen for å få plassert ein annonse samstundes som Stephen er der for å levera lesarinnlegget frå rektor, men dei to møter ikkje kvarandre. Kapittelet er brote opp i småkapittel med titlar som liknar avisoverskrifter.

Laistrygonarane[endre | endre wikiteksten]

Bloom tenkjer over kvar han skal eta lunsj, og etter å ha vore innom ein mindre delikat etestad der arbeidsfolk kastar i seg maten, endar han opp med vegetarmat på Davy Byrnes.

Skylla og Kharybdis[endre | endre wikiteksten]

Kapittelet attgjev ein samtale mellom Stephen Dedalus, Buck Mulligan, John Eglinton og Richard Best på nasjonalbiblioteket. Stephen prøver å forklara teoriane sine om samanhengane mellom livet og skodespela til Shakespeare. Dei andre er ikkje særleg lydhøyre, og oppfattar ikkje alvoret som ligg under Stephen sine utleggingar om far-son-tilhøve, utruskap og incest. Særleg er Buck Mulligan plagsam med sine stadige avsporinger. Bloom kjem inn på biblioteket mot slutten av kapittelet, men møter ikkje Stephen.

Kapittelet er spekka med tilvisingar til Shakespeares og andre verka til andre forfattarar, og det blir sitert på latin, italiensk og fransk.

Vandrande klipper[endre | endre wikiteksten]

Kapittelet er eit lite stykke kollektivroman, der ei stor mengd personar vandrar rundt i Dublin og utfører ulike gjeremål. Personane har ikkje stort anna til felles enn at dei er på omtrent same stad til same tid. Nokon av dei kjenner kvarandre flyktig, treffer kvarandre og helsar.

Forteljaren går utan overgang frå den eine gruppa til den andre. Mot slutten av kapittelet blir trådane samla, i det alle personane kvar for seg registrerer kortesjen til visekongen på veg gjennom byen. Stilen er munter og lett.

Sirenene[endre | endre wikiteksten]

Bloom et middag med Ritchie Goulding på Ormond hotell. I den tilstøytande baren sit Boylan, Lenehan, Ben Dollard og fader Cowley. Boylan og Lenehan flørtar med dei to jentene i baren. Bein Dollard syng ei vise om det irske opprøret mot engelskmennene. Bloom observerer dei på avstand. Når Boylan reiser seg og går, er det sannsynlegvis til eit stemnemøte med Molly. Bloom tenkjer på Molly og på Martha. Under måltidet byrjar han å skriva eit svar på brevet frå Martha.

Kapittelet er halde i ein særegen, rytmisk og musikalsk stil. Fleire stadar kan setningane minna om homeriske heksametervers. Ofte er ortografien forvrengd for å få fram spesielle klangverknader.

Kyklopane[endre | endre wikiteksten]

Handlinga spelar ut seg i puben til Barney Kiernan, der Bloom er gått for å møta Martin Cunningham og diskutera økonomien til Paddy Dignam sine etterlatne. Den mest høgrøsta pubgjesten er Borgaren, ein irsk nasjonalist. Borgaren meiner at jødar og andre utlendingar ikkje har noko å gjera i Irland, medan Bloom hevdar seg å vera ire god nok, sidan han er fødd i Irland. Det eine ordet tek det andre, og det endar med at Borgaren kastar Bloom på dør og set bikkja Garryowen på han.

Kapittelet inneheld ei lang rekkje parodiar på ulike sjangrar; til sports- og nyhendejournalistikk, rettsreferat, bibelspråk og riddarromanar – men framfor alt på irske segner og mytar slik dei blei attgjeve på 1800-talet. Ironien rammar først og fremst den kyklopisk einauga ultranasjonalisten representert ved Borgaren.

Solgudens oksar[endre | endre wikiteksten]

Bloom oppsøkjer klinikken der Mina Purefoy er i ferd med å føda. Medan fødselen pågår, sit han saman med Stephen Dedalus og ei forsamling av legar og medisinstudentar og drikk og diskuterer høglydt ulike medisinske emne. Ein pleiar må fleire gonger snakka til dei og be dei dempa seg.

Språkleg sett er dette eit av de mest krevande kapittela. Stilen ser ut til å følgja utviklinga av det engelske språket frå angelsaksisk til samtidig slang i Dublin, og kan sjå ut til å utgjera ein parallell til fosterutviklinga. Kommentatorar har meint å identifisera parodiar på blant annet Tacitus, angelsaksisk og mellomengelsk prosa, Thomas Malory, Milton, John Bunyan, Samuel Pepys, Daniel Defoe, Jonathan Swift, Laurence Sterne, Edmund Burke, Horace Walpole, Charles Dickens og Thomas Carlyle – før språket løyser seg opp i ein kakofoni av dialektar og slang.

Kirke[endre | endre wikiteksten]

Handlinga spelar ut seg ved midnatt i eit horestrøk i byen. Alle er drukne, og teksten er bygd opp som eit surrealistisk drama der Bloom går gjennom ei rekkje forvandlingar og skiftevis blir hylla som keisar og frelsar eller blir skulda for sexovergrep og perversitetar og dømd til døden. Forvandlingane avspeglar Bloom sine skiftande sinnstilstandar mellom skuldkjensle og nytt livsmot. I ein konfrontasjon med horemammaa Bella Cohen skiftar dei to kjønn og «ho-Bloom» blir utsett for sadomasochistiske overgrep. Ei stort mengd personar, dyr og ting opptrer i dei raskt skiftande scenene i dette indre dramaet.

Samstundes er det mogleg å følgja ei ytre handling. Bloom finn igjen Stephen i musikkrommet i bordellet. Stephen er svært full og blir kasta ut av bordellet etter å ha knust ei lysekrone. På gata fornærmar han to engelske soldatar, blir slått ned, og klarer ikkje å reisa seg. Bloom prøver heile tida å gå imellom, og hindrar arrestasjon når politiet kjem.

Evmaios[endre | endre wikiteksten]

Bloom får liv i Stephen og dei to vandrar omkring i byen og natta. Etter kvart endar dei opp i ein kneip der nokre kaar sit og pratar. Her er blant anna ein sjømann som fortel skrøner frå dei sju hava. Ein annan er er ein mann som går under namnet Skin-The-Goat, og som moglegvis var ein av hjelpemennene under nasjonalistoppstanden på 80-talet. I alle fall kjem samtalen inn på det nasjonale spørsmålet, og hatet mot England blussar opp hjå nokre av deltakarane.

Kapittelet er halde i ein parodisk stil; det er ein pretensiøst åndfull, men snirkla og klisjéfylt stil som kan minna om halvgode serieromanar frå hundre år tidlegare: «Øyeblikket etter var de to nattevandrerne våre trygt benket i en diskret krok, bare for å bli hilst av stirrende blikk av den høyst blandede forsamlingen av løse eksistenser og andre ubestemmelige eksemplarer av slekten homo som allerede satt og spiste og drakk og pratet med hverandre, og for hvem de nyankomne tydelig var et emne av åpenbar interesse.»

Bloom og Stephen deltek ikkje i samtalen. Bloom gjer seg tankar om dei som er til stadest og det som blir sagt, han prøver å få i gang ein samtale med Stephen, men denne svarar kort og uinteressert. Det framgår at Bloom er motstandar av å hissa til hat mot nabofolket. I staden trur han at menneske med ulikt språk, religion og historie kan leva fredeleg saman. Han prøver òg å formulera sin eigen politiske ståstad – og her parodierer ikkje Joyce – som går ut på at viss alle som arbeidar kunne få ei sømeleg løn og rimelege kår, ville strid og fiendskap opphøyra.

Det er tydeleg at Bloom har fatta ei sterk interesse for unge Stephen; han beundrar han for talenta hans og er oppteke av at han ikkje må kasta seg bort på horer og fyll, men skapa seg ei framtid som skribent. Til slutt tilbyr han Stephen ei seng for natta, og arm i arm vandrar dei heimover til Bloom sitt hus. Når det viser seg at Stephen òg har songstemme, når Bloom sine forventingar til karrieren hans store høgder. Samstundes er det noko tvitydig over Bloom sin omsut: Ser han for seg at Stephen med skrivetalentet kan fremja den skrantande songarkarrieren til Molly, som Bloom er så djupt engasjert i? Skal sambandet til ein lovande intellektuell kaste glans over han sjølv og hans hus? Ser han seg sjølv som impresario for Stephen i hans karriere?

Ithaka[endre | endre wikiteksten]

Dei kjem til Bloom sitt hus i Eccles Street 7, og Bloom finn ut at han har lagt nøkkelen i lomma på ei anna bukse. Etter å ha brote seg inn i sitt eige hus, serverer han Stephen ein kopp kakao på kjøkkenet. Stephen avslår tilbodet om overnatting. Dei tissar side om side i hagen, medan dei stirar opp på sovevromsvindauget til Molly. Etter at Stephen har gått, har Bloom eit stille bel for seg sjølv i stova; han drøymer om det flotte huset han kunne kjøpa og den respekten han kunne oppnå om han plutseleg blei ein rik mann. Ting i ein skuff bringar fram mange minne – særleg om far hans, den ungarske jøden som etter å ha reist gjennom mange land slo seg ned i Irland og konverterte til kristendommen.

Til slutt kjem han seg opp på soverommet, han legg seg anføttes i dobbeltsenga, merkar avtrykket av mannen som har vore hjå Molly, og tenkjer over korleis samlivet med Molly har gått i stå for mange år sidan. Til slutt vaknar Molly, og Bloom fortel ho ein redigert versjon av kva han har opplevd i løpet av dagen.

Kapittelet har ein gjennomført spørsmål-og-svar-struktur som kan minna om ei forklaring til Luthers katekisme. Det særeigne er at alt er attgjeve med same slag tørre, skolastiske logikk, frå dei mest trivielle detaljane til dei aller største spørsmål om meininga med tilveret.

Penelope[endre | endre wikiteksten]

Det best kjende kapittelet i boka er Molly Bloom sin 40 sider lange medvitsstraum, der ho ligg søvnlaus og tenkjer over tilveret sitt etter at ektemannen har sovna. Det er eit møte med ei 34 år gammal, frustrert kvinne som har vanskeleg for å forsona seg med at livet ikkje har blitt ein evig fest med vene klede, galante menn og evig ungdom. Men kjærleiken får siste ordet.

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Ulysses
  • 2004: Bloom

Kjelder[endre | endre wikiteksten]