Dungeness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dungeness
Dungeness

Prospect Cottage i Dungeness (2004)
Prospect Cottage i Dungeness (2004)
Plassering
Dungeness is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Kent
Distrikt Shepway
Geografi
Koordinatar 50°55′″N 0°58′″EKoordinatar: 50°55′″N 0°58′″E
Diverse annan informasjon
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dungeness

Dungeness er ein landsby og eit nes i det søraustlege Kent i England.

Namnet kjem anten frå eit gammalt fransk ord som kan omsetjast med «farleg nase» (syner til geografien i området), eller av Denge + nes, etter den nærliggande Denge Marsh. Han ligg på spissen av ei halvøy bygt opp av grus.

Dei fleste av husa er små trehus av ein type som fiskarar tradisjonelt har budd i i det sørlege England.

Den mest kjente turistattraksjonen, bortsett frå at heile landsbyen er så spesiell at han reknast som ein attraksjon, er hytta til regissøren Derek Jarman, som er måla i svart, med eit dikt måla på den eine veggen. Hagen er dekorert med småstein, drivved, skrapjern og nokre hardføre planter. Det er skrive ei bok om hagen, Derek Jarman's Garden, ISBN 0-500-01656-9.

Eit fyrtårn i utkanten av landsbyen er ope for publikum.

I 1920- og 1930-åra vart det bygd tre massive betongkonstruksjonar, kjent som «Lyttande øyre». Dei er akustiske spegl, som skulle fungere som varselssystem ved ein eventuell fiendtleg invasjon. Dei fungerte ikkje særskild godt, og då radar vart tilgjengeleg vart dei lagt ned. English Heritage arbeider for å sørgje for at ålmenta skal få tilkomst til lyttestasjonane.

Landskapet rundt Dungeness er særs spesielt, med mange små innsjøar som dels er naturlege og dels kunstige. Det har oppstått eit unikt økosystem, med fleire planter og dyr som ikkje finst andre stader i England. Området er òg attraktivt for sjøfuglar, og det er oppretta eit verneområde for fuglar og eit fugleobservatorium.

Rett ved Dungeness ligg to store atomkraftverk som forsyner området med elektrisk kraft.

Landsbyen har vore brukt i innspelinga av fleire musikkvideoar, og er avbilda på fleire plateomslag, som So Much for the City av The Thrills og Aled av Aled Jones.

Jernbanestasjonen i Dungeness er endestasjon for Romney-, Hythe- & Dymchurch-banen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]