Durban
Hopp til navigering
Hopp til søk
Durban (zulu: iTheku) er ein by på austkysten av Sør-Afrika. Byen er Sør-Afrikas nest største med eit innbyggartal på 3,2 millionar.[1] Durban har stor utstrekning fordi byen i større grad enn andre sørafrikanske byer har stor utbygging av villaer og mindre slum.
Durban er største by i provinsen KwaZulu-Natal og har Afrikas travlaste hamn. Byen har også stor turisme som følgje av subtropisk klima og gode strender for bading, og ikkje minst for surfing.