Dutty Boukman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dutty Boukman
Fødd 18. hundreåret
Colony of Jamaica
Død

7. november 1791
Haiti

Yrke Houngan

Dutty Boukman eller Boukman Dutty (død ca. 1791) var ein jamaikanskfødd houngan, eller haitisk prest, som gjennomførte ein religiøs seremoni i Haiti der det vart lova fridom for slavane.[1] Denne seremonien vert rekna som ei medverkande årsak til slaveopprøret som markerte byrjinga av den haitiske revolusjonen,[2]

Boukman Dutty var ein sjølvlærd slave som var fødd på Jamaica. Namnet hans var eit kallenamn, der den fyrste delen tyder «skiten» (engelsk dirty), og den andre «bokmann». Han vart etter kvart seld av den britiske slavehaldaren sin til ein fransk plantasjeeigar etter at han prøvde å lære andre jamaikanske slavar å lese. Den nye slavehaldaren sette han til å vere slavedrivar, og seinare kusk. Nokre har også tolka namnet hans som at han var muslim, sidan ein også i Afrika viste til muslimar som «bokmenn»: «Det er truleg at Boukman var ein jamaikansk muslim som hadde ein koran, og at det var slik han fekk kallenamnet sitt.»[3]

I august 1791 opptredde Boukman i rolla som houngan (prest) saman med ei afrikanskfødd prestinne, og gjennomførte ein fridomsseremoni på Bois Caïman i fjella nord i landet og profeterte at slavane Jean-François Papillon, Georges Biassou og Jeannot Bullet skulle kome til å leie ei motstandsgruppe og eit opprør som skulle frigjere slavane på Saint-Domingue. Eit dyr, som symboliserte den ville, frie, og utemjande spirituelle krafta til skogen og forfedrane, vart ofra, ein la av ein eid, og Boukman og prestinna kom med sterke oppmodingar om å ta hemn over dei franske undertrykkjarane og «verte kvitt av guden til undertrykkjarane.»[4] Encyclopedia of African Religion seier at: «Blod frå dyret, og ifølgje nokre, frå menneske òg, vart gjeve til deltakarane så dei skulle drikke det for å verne lagnadene sine i lojalitet overfor frigjeringa av Saint-Domingue.»[5] Ei veke seinare var 1 800 plantasjar øydelagde og 1 000 slavehaldarar drepne.[6][7] Boukman var ikkje den fyrste som prøvde å få i gang eit slaveopprør i Saint-Domingue: Padrejean hadde prøvd det same i 1676, og François Mackandal i 1757. Storleiken hans, den krigarliknande utsjånaden og det fryktelege temperamentet gjorde han til ein effektiv leiar, slik at han vart ei medverkande kraft for den haitiske revolusjonen.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ein artikkel i Jamaica Daily Gleaner av Carolyn Cooper, professor i litterære og kulturelle studium ved University of the West Indies (17.01.2010).
  2. «Dutty Boukman – Samba Boukman» hjå Haitianite.com (02.12.2006).
  3. «It is likely that Boukman was a Jamaican Muslim who had a Koran, and that he got his nickname from this.» – Sylviane Anna Diouf og Sylviane Kamara: Servants of Allah: African Muslims Enslaved in the Americas (New York University Press, 1998), s. 153.
  4. «[c]ast aside the image of the God of the oppressors» – Charles Arthur [red.] og Michael Dash [red.]: Libète: A Haiti Anthology (Princeton i USA: Markus Wiener Publishers, 1999), s. 36.
  5. «Blood from the animal, and some say from humans as well, was given in a drink to the attendees to seal their fates in loyalty to the cause of liberation of Sainte-Domingue.» – Molefi Kete Asante og Ama Mazama: Encyclopedia of African religion, Volume 1 (Sage Publications), s. 131.
  6. Sylviane Anna Diouf: Servants of Allah, s. 152.
  7. John Mason: «African Religious in The Caribbean: Continuity and Change».
  8. John K. Thornton: «I Am the Subject of the King of Congo: African Political Ideology and the Haitian Revolution» (Millersville University of Pennsylvania).