Dvergsoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dvergsoleie
Dvergsoleie
Dvergsoleie
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Dvergsoleie R. pygmaeus
Vitskapleg namn
Ranunculus pygmaeus

Dvergsoleie (Ranunculus pygmaeus) er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 5 cm høg og og har langskafta lysgrøne blad og grann stengel med brune hår. Blomsteren er 6-7 mm brei. Begerblada er lodne og kronblada korte og lysgule. Nøtta har kort kroknebb. Dvergsoleie blømer kring juli månad på fuktige stader og snøleger til fjells.

Planta veks i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 2230 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.