Dwarka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dwarka
Dwarkadheesh temple.jpg
Land Flag of India.svg India
Distrikt Devbhoomi Dwarka
Areal 177 km²
Folketal 38 873
Grunnlagd 600-talet
Map
Dwarka
22°14′ N 68°58′ E
Wikimedia Commons: Dwarka

Dwarka (av sanskrit dwar, 'port' og ka, 'Brahma'[1]) er ein gammal by i den indiske delstaten Gujarat, og ein viktig stad i hinduismen. Byen ligg på vestkysten av Okhamandal-halvøya, ved munningen av Gomtielva i Kutchvika. I 2011 hadde han eit folketal på 38 873.

Dwarka er eit av fire hinduiske valfartsmål kjend som tsjardham, og ein av Sapta Puri, sju viktige valfartsmål i India. Dwarka blir ofte identifisert med Dvārakā, riket som i mytologien blei styrt av Krisjna, og er rekna som den første hovudstaden til Gujarat.

Måleri frå ca. 1600 av Krishna sin by Dwarka.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje soga skal guden Krisjna ha slått seg ned her etter at han nedkjempa og drap onkelen sin Kamsa i Mathura.[2] Han skal ha teke 12 yojana eller 96 km² land frå havet for å skapa Dwarka.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med religion å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.