Brahma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Brahma (fleirtyding)
Uthogd relieff av Brahma frå 1100-talet i Halebid i Karnataka.

Brahma (devanagari ब्रह्मा, Brahmā) er skaparguden i trimurtien, treeininga i hinduismen, og er dermed opphavet til heile verda. I motsetnad til dei andre to gudane i trimurtien, Sjiva og Visjnu, har Brahma likevel ingen stor tilhengjarskare som hovudsakleg tilber han. I staden blir han vist til i ei rekke hinduritual. Guden har samband med, men må ikkje forvekslast med, verdsanden innan hinduismen, som blir kalla brahman.

Tilbeding[endre | endre wikiteksten]

Brahma styrer tempelvogna ved Kapaleeswarar.
Foto: Badri Seshadri

I heile India finst berre ei handfull tempel som er vigde Brahma. Det best kjende ligg i Pushkar i Rajasthan og held årleg ei stor feiring ved fullmåne i månaden kartika. Dessutan finst brahmatempel i Kumbakonam i Tamil Nadu og i Bhubaneswar i Orissa. Alle desse stadene er tempelbyar som inneheld svært mange tempel til ulike guddommar.

Det finst fleire soger som forklarer kvifor guden nesten ikkje har eigne tempel. Han skal ha blitt forbanna av Sjiva for dårleg oppførsel, eller av den mektige presten Bhrigu for å ikkje høyra etter. Korleis det enn er har ikkje Brahma ei rørsle som tilsvarer vaisjnavaene eller sjaivaitaene, men han er likevel til stades i mange av templa til dei andre gudane, som regel på nordveggen.

Symbol og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Brahmagravering av Frederic Shoberl frå rundt 1820.

Brahma blir gjerne framstilt med fire hovud og fire armar. Talet fire er mykje brukt i hinduismen, og står mellom anna for dei fire Vedaene, som kvart av gudehovuda les frå, og dei fire tidsaldrane. Han har ofte kvitt skjegg som viser til det lange livet hans.

I hendene held Brahma ingen våpen, slik det er vanleg for hindugudar, men ei offerskei, ei vasskrukke, ein rosenkrans og Vedaene eller ein lotus. Han har ei svane som ridedyr. I hinduisk tru kan denne fuglen skilja mjølk frå vatn når desse er blanda. Dette blir likna med å skilja godt frå vondt, og å finna sanning i innvikla situasjonar.

Skaparguden er gift med visdomsgudinna Sarasvati, også kalla Gayatri, og er rekna som far til Dharma og Atri.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire opphavssoger om Brahma. I ei av dei kom han ut av det gyldne verdsegget som blei lagt i vatnet då verda blei skapt. Derfor blir Brahma kalla Hiranjagarbha, 'fødd frå det gyldne egget', og Kandja, 'frå vatnet'. Ei anna seier at han kom frå ein lotusblome som voks ut frå navlen til Visjnuuniverset blei skapt. Han har derfor òg namnet Nabhidja, 'fødd frå navlen'.

Vidare blir det fortald at han opphavleg hadde eitt hovud og var nøgd med det, åleine med seg sjølv. Etter ei stund tok han til å lengta etter selskap, og skilde ut ei kvinneleg form, den vakre Satarupa. Han blei straks fyld av attrå til henne. Satarupa prøvde å unngå blikka han sende henne, men Brahma fekk tre nye hovud, slik at han kunne sjå i kvar himmelretning. Satarupa prøvde då å gå opp i lufta, men Brahma fekk med ein gong eit nytt hovud som såg oppover. Då han såg dette blei Sjiva sint; elsk mellom Brahma og skaparverket hans var å likna med incest. Han kappa derfor det femte hovudet av skaparguden og fekk han på betre tankar.

I ei anna legende kappa Sjiva det femte hovudet av Brahma fordi guden hadde fornærma han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brahma