Dyrhaugstindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 61°27′58.792″N 7°49′0.37920″E

Søre og Midtre Dyrhaugstind (begge til venstre) sett frå Store Dyrhaugstind.

Dyrhaugstindane (eller Dyrhaugsryggen) er ein fjellrygg som ligg i fjellområdet Hurrungane, i den sørvestre delen av Jotunheimen, på grensa mellom Luster kommune og Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Dyrhaugstindane ligg mellom Skagadalen og Ringsdalen. Dyrhaugsryggen har fleire topper over 2000 meter, der den høgaste er Store Dyrhaugstind (2146 moh.). Søre Dyrhaugstind er den bratteste av tindane langs ryggen og har mange klatreruter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]