Søre Dyrhaugstind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°27′17.456″N 7°50′36.787″E

Søre Dyrhaugstind
fjell
Søre Dyrhaugstind.jpg
Søre Dyrhaugstind sett frå Skagastølsbreen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Luster, Årdal (Sogn og Fjordane)
Fjellområde Hurrungane, Jotunheimen
Høgd 2 072 moh.
Primærfaktor 60 m
Førstestiging 2. august 1886 (Carl Christian Hall og Mathias Soggemoen)

Søre Dyrhaugstind er ein av Dyrhaugstindane, som ligg i fjellområdet Hurrungane i den sørvestlege delen av Jotunheimen.

Sett frå Skagastølsbreen og Bandet er Søre Dyrhaugstind ein markert og bratt tind med mange klatreruter. Søre Dyrhaugstind frå Bandet er ei klassisk turrute først klatra av Charles W. Patchell, John Simpson og Johannes Vigdal i 1895. I 1936 klatra Arne Næss og Erik Holter nordaustegga frå Skagastølsbreen. Ruta vart ståande som den vanskelegaste i Hurrungane i mange tiår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]