Dønnesfjorden
Utsjånad
70°39′35.068″N 22°35′48.541″E / 70.65974111°N 22.59681694°E
Dønnesfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hasvik | ||
Dønnesfjorden 70°39′35″N 22°35′49″E / 70.65974111°N 22.59681694°E |
Dønnesfjorden er ein fjord på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km sørvestover til Dønnesfjordbotn i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Inner Veines i nordvest og Børrfjordnæringen i søraust. Det ligg fire nesten jamstore øyar i fjorden, Nordøya, Midtøya, Vesterøya og Sauøya. Alle desse ligg tett inntil kvarandre og dei tre førstnemnde har små eid som knyt dei saman. På Nordøya ligg fiskeværet Dønnesfjord og Dønnesfjord kapell.
Fjorden er 144 meter på det djupaste ved innløpet.