E-dur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

E-dur er ein toneart i toneslekta dur, som byggjer på grunntonen E. Forteiknet for E-dur er fire kryss (fiss, ciss, giss, diss). Nemninga «E-dur» vert òg brukt om den tilhøyrande skalaen og grunnakkorden til denne tonearten.

Skalaen består av tonane E, Fiss, Giss, A, H, Ciss og Diss.