Forteikn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå forteikn i matematikk.
Musikalske forteikn: Kryss, b og oppløysingsteikn.

Forteikn er i musikk samlenemninga på symbol som viser at notene på ei bestemt notelinje skal hevast eller senkast. Dei vanelegaste forteikna er kryss (), som viser at ein tone skal hevast eit halvtonetrinn, og , som viser at han skal senkast tilsvarande. Begge finst i doble variantar (double sharp og double flat). Det finst også forteikn for notasjon av mikrotonal musikk.

Faste forteikn som gjeld for eit heilt musikkstykke blir vanlegvis plasserte mellom nøkkelen og taktartsgjevaren først i eit partitur. Forteikna gjeld då for tonen dei viser til i heile verket, bortsett frå om dei blir oppheva med oppløysingsteikn.

Lause eller tilfeldige forteikn blir plasserte fortløpande framfor tonar i notesystemet. Dei gjelder berre ut den gjeldande takten, og berre i den oktaven forteiknet er notert inn i.

Eit laust forteikn opphever eventuelle faste forteikn og føregåande lause forteikn knytt til same tonetrinn. I tilfelle med doble forteikn vil ein tidvis likevel sjå ei samansetjing av flere forteikn, til dømes er det vanleg å setja oppløysingsteikn før krysset når tonen Cississ (med dobbelkryss) blir etterfølgd av tonen Ciss. Eit enkeltståande kryss ville her også kunna ha gjeve tonen Ciss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]