Det europeiske økonomiske fellesskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå EEC)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over land som deltok i EØF

Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF) var ein overnasjonal organisasjon mellom opphavleg seks medlemsstatar i Vest-Europa. Organisasjonen vart etablert 1. januar 1958 som følgje av Roma-traktaten og vart erstatta av det europeiske fellesskapet (EF) gjennom Maastricht-traktaten den 1. november 1993.

Etter opphavleg å ha hatt seks medlemsstatar, Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg, Nederland og Vest-Tyskland, vart EØF utvida til å ha tolv medlemsstatar før oppløysinga. I 1973 vart Danmark, Irland og Storbritannia med. I 1981 følgte Hellas etter, og i 1986 fekk EØF si site utviding, då Portugal og Spania vart med.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne politikkartikkelen som har med Europa å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.