EISCAT Svalbard Radar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
EISCAT Svalbard Radar

EISCAT Svalbard Radar eller ESR er ein radarstasjon, driven av EISCAT, ein internasjonal, vitskapleg organisasjon. Stasjonen ligg på Operafjellet på sørsida av Adventdalen, kring 10 km søraust for LongyearbyenSvalbard. Stasjonen opna 22. august 1996.

Det står òg ein EISCAT-radar i Tromsø, og i lag har ein med desse to ei kontinuerleg dekning av ionosfæren frå Oslo og nesten til Nordpolen. Radarane måler energistraumar skapt av partiklane i solvinden, som mellom anna skapar polarlys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]