ESO 286-19

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av ESO 286-19. Den lengste tidevasshalen kan tydeleg sjåast.

ESO 286-19, ESO 286-IG019 eller AM 2055-425 er ein irregulært forma galakse som ligg rundt 600 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Mikroskopet. Han er samansett av det som før var to skivegalaksar som no er midt i ein kollisjon. Restgalaksen gjekk gjennom ein periode av eksplosiv stjernedanning som enda for rundt åtte millionar år sidan. ESO 286-19 har to tidevasshalar, ein lang og ein kort. Slike halar er unike teikn på ein kollisjon mellom galaksar, og kan vera til stades lenge etter at galaksane har smelta saman. ESO 286-19 er ei eksepsjonelt lys kjelda for infraraud stråling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]