Lysår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit lysår eller ljosår (symbol: l.y.) er eit lengdemål for astronomiske avstandar. Det er definert som den distansen lyset tilbakelegg på eitt år. Lysfarten 299 792 458 meter i sekundet, som tyder at 1 lysår er 9 461 milliardar kilometer.

Grunnen til at lysår vert brukt som måleining i astronomisk samanheng, er at det er meningslaust å snakke om meter eller kilometer grunna dei enorme avstandene. Sidan middelavstanden til månen er 384 390 km, bruker lyset ca. 1,3 sekunder derifrå til jorda.

På same måte bruker ein lys-time, lys-min og lys-s. Avstanden til månen er 1,3 lys-s, til sola 8,3 lys-min, til Pluto 5,5 lys-time, til næraste stjerne (Alfa Centauri) 4,3 ly og til nærmaste spiralgalakse (Andromedatåka) 2,3 millionar ly.

Lysår skal no erstattast av SI-eininga parsec, pc. 1 parsec er det same som 3,26 lysår. Ein parsec er definert som avstanden der 1 astronomisk eining er motståande til ein vinkel på eit bogesekund

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]