Ebbs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landsbyen Ebbs

Ebbs er ein kommune i distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 40 km² og i kring 5 500 ibuarar. Landsbyen Ebbs, der litt over halvparten av ibuarane i kommunen held hus, ligg 475 meter over havet. Mot vest grensar kommunen mot delstaten Bayern i Tyskland.

Omframt den store landsbyen Ebbs, omfattar kommunen tre mindre landsbyar og fem grender. Ibuarane pendlar for ein stor del til arbeid utanfor kommunen, elles er særleg turisme og sjølvstendig næringsverksemd viktigast for sysselsettinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]