Echternach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Echternach
Horisonten til Echternach
Byvåpenet til Echternach
Byvåpenet til Echternach
Styresmakter
Land
Distrikt
Kantonar
Luxembourg
Grevenmacher
Echternach
Borgarmeister Marc Diederich
Geografi
Flatevidd
 - By

20,49 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

4 507
  220/km²
Koordinatar 49°48′″N 06°25′″EKoordinatar: 49°48′″N 06°25′″E
Høgd over havet 114 - 393 m
Diverse anna
Heimeside: www.echternach.lu
Plassering
Plassering av Echternach

Echternach (luxembourgsk Iechternach) er ein by aust i Luxembourg. Han ligg i Echternach i Grevenmacher nær grensa til Tyskland og er den eldste byen i landet.

Byen voks opp rundt murane til Echternach kloster, som vart grunnlagd i 698 av Willibrord, ein engelsk munk frå Ripon, som vart den første biskopen i Utrecht og som arbeida for å kristne frisarane. Som biskop styrte han klosteret fram til han døydde i 739.

Elva Sûre som renn forbi byen dannar no grensa mellom Luxembourg og Tyskland, men under Romarriket og merovingarane var det ikkje eit grenseland i det heile tatt. Det er funne spor etter ein romersk villa i byen.

Den vakre byen er framleis omgjeve av mellomaldermurar med tårn, som vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen og bygd opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]