Eddie Gustafsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eddie Gustafsson

Eddie Gustaffson.JPG

Statsborgarskap USA, Sverige
Fødd 31. januar 1977
Philadelphia
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Eddie Gustafsson (fødd 31. januar 1977) er ein svensk fotballspelar som speler for Lyn. Han har tidlegare spelt for IFK Stockholm, IFK Norrköping, Molde FK og Ham-Kam. Han er keeper.

Gustafsson har spelt seks landskampar for Sverige, sist i unionslandskampen mot Noreg. Han spelte sin første landskamp i 2000. Han har også 30 kampar for aldersbestemte landslag.

Frå 2002 til 2004 var han førstekeeper for Molde. Han stod utan kontrakt etter sesongen, og prøvde seg i klubbar i både Europa og USA utan å få kontrakt. Han gjekk til Ham-Kam då dei fekk keeperproblem, og spelte alle kampane i 2005-sesongen. I 2006 gjekk svensken til FC Lyn Oslo etter at Ali Al-Habsi forlet Oslo-klubben til fordel for Bolton. Han har slite litt med å få speletid i vårsesongen, og har site mykje på benken til fordel for sin yngre landsmann Johan Dahlin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]