Eddie McCreadie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddie McCreadie


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. april 1940 (84 år)
Glasgow
Idrett fotball

Edward Graham McCreadie (fødd 15. april 1940) er ein skotsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow. Han var venstreback-back 1972-73 i Chelsea FC og landslagsspelar 1965-69 for Skottland.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

McCreadie spelte på det skotske andredivisjonslaget East Stirlingshire til han i 1962 vart overført til engelske Chelsea FC, ein klubb han rykte opp i 1. divisjon med. 15. mars 1965 vart han matchvinnar då Chelsea vann ligacupfinalen med 3 mot 2 over Leicester City. To år seinare spelte han sin fyrste finale i FA-cupen, ein kamp som enda med tap mot Tottenham Hotspur. I april 1970 deltok McCreadie i dei berykta finalane mot Leeds United i FA-cupen. Etter 2–2 på Wembley stadion, måtte det ekstraomgangar til i omkampen på Old Trafford før Chelsea-kapteinen kunne heve klubbens aller fyrste FA-pokal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten 10. april 1965 til 17. mai 1969 spelte McCreadie 23 av Skottlands landskampar. Han kom ikkje på skåringslista.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen: 1970 for Chelsea FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1965 for Chelsea FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]