Leicester City
Fullt namn | Leicester City Football Club |
---|---|
Kallenamn | The Foxes |
Grunnlagd | 1884 som Leicester Fosse |
Heimebane | Leicester City Stadium (kapasitet: 32 312[1]) |
Hovudtrenar | Brendan Rodgers |
Liga | Premier League |
2021/22 | 5. plass i Premier League |
Nettstad | Heimeside |
![]() |
Leicester City er ein fotballklubb frå Leicester i Storbritannia stifta i 1884, som sidan 2014 spelar i den engelske toppdivisjonen Premier League. Laget overraska stort og vart engelsk ligameister i 2016. Leicester City har aldri tidlegare vunne den engelske ligaen, ei heller FA-cupen. Derimot har klubben vunne ligacupen tre gongar; 1964, 1997 og 2000.
Leicester City har sidan 2002 spelt heimekampane på King Power Stadion, eit anlegg med plass til 32 300 tilskodarar. I perioden 1891-2002 var Filbert Street heimarena. Laget spelar i mørkeblå drakter.
Leicester City har vore med i den engelske fotballigaen sidan sidan 1891. Klubben vart nummer to i toppdivisjonen i 1929, eitt poeng bak Sheffield Wednesday, den beste prestasjonen før laget vann Premier League i 2015/16-sesongen. Leicester City deltok i FA-cupfinalane 1949, 1961, 1963 og 1969, men tapte alle for høvesvis Wolverhampton Wanderers, Tottenham Hotspur, Manchester United og Manchester City.
Spelarstall[endre | endre wikiteksten]
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ King Power Stadium - Leicester The Stadium Guide
- ↑ «LCFC First Team Players». Leicester City. Henta 17. november 2021.
- ↑ «Leicester City - Club profile». Transfermarkt. Henta 17. november 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Leicester City F.C.» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2016.