Ceilidh Culture

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edinburgh Folk Festival)

Ceilidh Culture er ein årleg festival som blir halden i Edinburgh i Skottland. Han omfattar folkemusikk, song, dans og forteljing.[1] Festivalen omfattar no eit månadlangt program som finn stad rundt påske.[2] Det noverande formatet blei innført i 2003, sjølv om Edinburgh har hatt ein festival med tradisjonell ceilidh-musikk og tradisjonelle kunster sidan 1951.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamish Henderson var instrumental i å skapa den fyrste Edinburgh People's Festival i 1951, med støtte frå British Council, det britiske kommunistpartiet og fagforeininga Scottish TUC. Her blei Ewan MacColl sitt skodespel Uranium 235 framført, medan Flora MacNeil og andre song gæliske songar. I 1952 varte festivalen i tre veker. Han hadde mista nesten alle dei økonomiske støttespelarane sine, og hadde ei redusert program med hovudfolkus på ceilidhen. I 1953 var han blitt endå mindre, men både Jeannie Robertson og Jean Ritchie hadde minneverdige opptredenar. People's Festival i 1954 var den siste.People's Festival blei gjenoppliva i 2002 av ein skotsk parlamentsmedlem frå Scottish Socialist Party, Colin Fox.

I 1964 blei det halde ein Edinburgh Folk Festival, der grupper og musikarar som The Corries, The Dubliners, Ian Campbell Folk Group og Robin Hall og Jimmie Macgregor opptredde. Frå 1979 til 1999 var det ein årleg Edinburgh Folk Festival med alle dei større gruppene innan keltisk musikk representerte – Planxty, The Boys of the Lough, Battlefield Band og så bortetter. Økonomiske vanskar førte til at festivalen enda att i 1999, men i 2003 blei det lansert ei ny tilstelling kalla Ceilidh Culture.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The tale of Scots ceilidh culture has a happy ending». The Scotsman. 20. april 2003. Henta 26. juli 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Celebrating the tenth birthday of Ceilidh Culture». The Scotsman. 18. februar 2012. Henta 26. juli 2015.