Edinburgh People's Festival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Edinburgh People's Festival er ein kultur- og arbeidarrørslefestival halden i Edinburgh i Skottland. Han er meint som ei feiring av lokalt talent og kulturunderhaldningar i heile byen, ikkje minst i utkantområde, til prisar alle har råd til.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Festivalen blei skipa i 1951 som eit alternativ til Edinburgh International Festival.[1] Han blei halden fram til 1954, med bidrag frå Hamish Henderson, Ewan MacColl, Joan Littlewood, Norman Buchan og Joe Corrie. Tradisjonsmusikk-delen av festivalen blei vidareført som Edinburgh Folk Festival frå 1964, gjenoppliva som Ceilidh Culture frå 2003.

People's Festival blei gjenoppretta i 2002 av politikaren Colin Fox, som seinare blei skotsk parlamentsmedlem. Dette var ein reaksjon mot høge billettprisar i Edinburgh Festival Fringe og andre Edinburgh-festivalar, og mangelen på arrangement utanfor sentrum.[2] Festivalen blei organisert av Scottish Socialist Party, fagforeiningar og lokale utøvarar.[3]

Sidan 2002 har People's Festival hatt framsyningar i Saughton Prison,[4] Edinburgh Royal Infirmary, Det skotske parlamentet, The Stand Comedy Club, Woodburn Miners Welfare, BMC Club i Gorgie, Artspace i Craigmillar, North Edinburgh Arts Centre og i samfunnshus i alle delar av byen.

I 2009 omfatta programmet ein Hamish Henderson Memorial lecture, lanseringa av boka What Robert Burns means to me i høve 250-årsjubileet til diktaren, ein spasertur rundt 'Radical Edinburgh', konserten Songs of the People og ein tur rundt Rebus sitt Edinburgh støtta av Ian Rankin.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «‘Now playwrights could be got from the ranks of the working class’: Joe Corrie and the 1951 Edinburgh People’s Festival – Joe Corrie», arts.st-andrews.ac.uk, henta 16. mai 2023 
  2. «Cheap thrills at festivals». BBC News. 10. august 2003. Henta 12. januar 2016. 
  3. «'People's Festival' line-up revealed». BBC News. 29. juli 2003. Henta 12. januar 2016. 
  4. «Curtain up on Edinburgh People's Festival». The Scotsman. 10. juli 2008. Henta 13. januar 2016. 
  5. «Rankin gets write idea to please fans at festival for all». Edinburgh Evening News. 4. august 2007. Henta 13. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]