Royal Edinburgh Military Tattoo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edinburgh Military Tattoo)
Esplanaden framfor Edinburgh Castle.

Royal Edinburgh Military Tattoo er ei årleg militærframsyning som vert arrangert kvar august i den skotske hovudstaden som ein del av Edinburgh-festivalane. Ho er blitt omtala som «The World's Greatest Show». Showet vert gjennomført ein gong dagleg (måndag til fredag) og to gongar laurdag i dei tre vekene tattooen pågår. Scena for tattooen er esplanaden framfor historiske Edinburgh Castle, med vindebrua som entré.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Edinburgh Military Tattoo vart fyrste gong arrangert i 1950, med åtte militære einingar som deltakarar. Dei siste åra er det gjennomsnittlege talet utøvarar vakse til om lag 1000 menn og kvinner. Talet besøkjande kvart år er berekna til rundt 217 000, medan over 100 millionar menneske ser den TV-sende versjonen av showet. I Noreg pleier NRK å stå for sendinga.

Tattooen vart sett opp av det skotske militæret for velgjerande føremål, og den dag i dag gir arrangørane delar av inntektene til sivile organisasjonar.

Aktørar[endre | endre wikiteksten]

Drilltroppen til det amerikanske luftforsvaret utøver sin eksersis under Edinburgh Military Tattoo i 2015.
Foto: Sgt. Nichelle Anderson

Det er i hovudsak britiske (Commonwealth) deltakarar i tattooen, og temaet er som regel britisk eller skotsk. Dei fyrste ikkje-britiske deltakarane kom i 1952, og sidan den gong har deltakarar frå over 30 land stått på esplanaden.

Eit fast innslag er «The Massed Pipes and Drums», eit gigantisk 100-manns sekkepipe- og trommekorps sett saman av ulike militære eller halvmilitære avdelingar, som til full jubel frå publikum marsjerer opp og ned esplanaden.

Eit anna nummer som har vore med sidan starten er «The Lone Piper», altså ein einsleg sekkepipeblåsar som står på slottsmuren og bles ei hymne ut over byen. Dette skjer heilt mot slutten av showet og er eit av dei store varemerka til Edinburgh-tattooen.

Deltakarane er forlagt til Redford Barracks, ein militærleir i Edinburgh by, der det er målt opp kopiar av esplanaden til treningsføremål.

Hans Majestet Kongens Garde[endre | endre wikiteksten]

Nils Olav inspiserer garden etter sjølv å ha vorte slått til riddar i 2008.

Hans Majestet Kongens Gardes Musikk- og drillkompani (3. gardekompani) har bygd seg opp eit godt renommé, og er ein av få aktørar som stadig vert inviterte tilbake til tattooen.

Eit tydeleg signal på kor stor prioritert dette oppdraget er for avdelinga, er at kompaniet i 2001 valde å verta i Edinburgh for å gjennomføra tattooen framfor å reisa heim til bryllaupet mellom Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby.

Ved kvart besøk stiller 3. gardekompani opp i parade i Edinburgh Zoo. Der held maskoten til Garden, kongepingvinen Nils Olav, til. I ein høgtideleg seremoni vert Nils Olav forfremma, til stor fornøyelse for frammøtte skottar og pressefolk.

3. gardekompani har delteke i tattooen i 1961, 1972, 1982, 1987, 1993, 2001, 2005, 2008, 2012 og 2016 Dei skulle ha delteke i 2020, men arrangementet vart avlyst på grunn av koronapandemien. Det bør òg nemnast at fram til 2003 var musikk- og drillkontingenten ein del av 5. gardekompani.

Ved Edinburgh Military Tattoo 2008 var det spesielt at kompaniet stilte med Drilltroppen i front under finalen (honour guard) og finalen vart leia av norsk paradekommandør (parade commander). Drilltroppen var igjen æresvakt under Edinburgh Military Tattoo 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Royal Edinburgh Military Tattoo