Nils Olav
Nils Olav | |
![]() | |
Fødd | 1972 |
---|---|
Fødestad | Dyrehagen i Edinburgh |
Rang | brigader, visekorporal, korporal |
Eining | Hæren |
Nils Olav er ein kongepingvin i Edinburgh Zoo i Skottland. Han er æresbrigader[1] og maskoten til Hans Majestet Kongens Garde.[2][3][4] Nemnet «Nils Olav» og dei tilknytte titlane er blitt gjevne til tre ulike pingvinar sidan 1972, slik at den noverande pingvinen er Nils Olav III.[5][6]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Familien til den norske reiaren Christian Salvesen gav ein kongepingvin til Edinburgh Zoo då dette opna i 1913.[2]
Då Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani besøkte Edinburgh Military Tattoo i 1961 for eit drillstevne, vart ein løytnant med namn Nils Egelien veldig interessert i pingvinkolonien til Edinburgh Zoo. Då Garden vende attende til Edinburgh i 1972, arrangerte Nils Egelien det slik at troppen kunne adoptere ein pingvin. Pingvinen som dei adopterte vart gitt namnet Nils Olav i ære for Nils Egelien og kong Olav V av Noreg.[2]
Rolle i militæret[endre | endre wikiteksten]
Nils Olav vart tildelt militærgraden visekorporal og har etter dette vorte forfremma kvar gong Garden har delteke på Edinburgh Military Tattoo. I 1982 vart han forfremma til korporal og så forfremma til sersjant i 1987. Nils Olav døydde kort etter denne forfremminga. Arvtakaren vart Nils Olav II, hans to år gamle etterfylgjar. Han vart nok ein gong forfremma i 1993 til stabssersjant. 18. august 2005 vart han forfremma til Honourable Regimental Sergeant Major, den høgaste underoffisersgraden i Skottland. Han vart også den fyrste pingvinen til å få denne tittelen i den norske hæren. På den same tida vart ein bronsestatue på 1,2 meter gitt til Edinburgh Zoo. Inskripsjonen i statuen anerkjenner Garden og Edinburgh Military Tattoo. Det står også ein statue ved Huseby leir i Oslo. Fredag 15. august 2008, i samband med 3. Gardekompani sitt bidrag under Edinburgh Military Tattoo, vart Nils Olav slått til ridder av den britiske generalmajoren Euan Loudon. Pingvinen kan difor omtales med tittelen sir.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Sir Nils Olav the penguin receives military promotion at Edinburgh zoo», the Guardian (på engelsk), 22. august 2016, henta 13. januar 2023
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Sir Nils Olav». Edinburgh Zoo. Arkivert frå originalen 17. august 2017. Henta 21. februar 2018.
- ↑ Panganiban, Roma (4 April 2013). «Sir Nils Olav, Norway's Penguin Knight». mentalfloss.com. Arkivert frå originalen 8 April 2013. Henta 4 June 2013.
- ↑ «Military penguin becomes a 'sir'». BBC. 15 August 2008. Arkivert frå originalen 6 November 2017. Henta 4 June 2013.
- ↑ «King penguin made a Brigadier in Edinburgh». BBC News. 22. august 2016. Arkivert frå originalen 23. august 2016. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Norwegian Knight». Scandinavian Press 15 (4). Fall 2008. s. 9.
- Denne artikkelen bygger på «Nils Olav» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2011.