Eduard Ivanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eduard Ivanov
Statsborgarskap Russland
Fødd 25. april 1938
Moskva
Død

15. januar 2012 (73 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1964

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Idrettens mester i Sovjetunionen

Eduard Georgijevitsj Ivanov (25. april 193815. januar 2012) var ein sovjet-russisk ishockeyspelar frå Moskva som vart olympisk meister 1964 og verdsmeister 1963, 1965, 1966 og 1967 for Sovjetunionen.

Ivanov var forsvarar. I tida 1959-67 spelte han 79 landskampar og skåra 16 mål for Sovjetunionen. Han deltok i Ishockey-VM 1963, Vinter-OL 1964 og verdsmeisterskapen i 1965, såvel som i 1966 og 1967. Frå alle desse meisterskaps-turneringane reiste han heim med gullmedalje.

På klubbnivå gjorde Ivanov teneste 1955-57 i Kimik Voskresensk, 1957-62 i Krylja Sovetov frå Moskva, deretter topplaget CSKA Moskva i tida frå 1962 til 1967. Dei fem siste sesongane med CSKA vart han sovjetisk seriemeister. Han avslutta sine år som aktiv med tre års spel for Spartak Kalinin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]