Eduard Suess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eduard Suess

Eduard Suess (fødd 20. august 1831 i London i Storbritannia, død 26. april 1914 i Wien i Austerrike) var ein austerriksk geolog, paleontolog og politikar1800-talet. Han er særleg kjent som ekspert på den tektoniske oppbygginga av Alpane. Frå 1857 til 1901 var han geologisk professor i Wien.

Han gav ut fleire viktige geologiske verk, som Die Entstehung der Alpen (1875) og hovudverket Das Antlitz der Erde (3 bind, 1885–1909), som gjev ei samanfatting av dei geologiske forskingsresultata på denne tida.

Dei viktigaste oppdagingane hans var det forhistoriske kontinentet Gondwanaland og Tethyshavet.

Suessbreen i Antarktis og eit krater på Månen og eit på Mars er kalla opp etter han.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]