Det russiske vitskapsakademiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudkvarteret til akademiet i Moskva.
Det første hovudkvarteret til Det keiserlege vitskapsakademiet - Kunstkammer i St. Petersburg.

Det russiske vitskapsakademiet (russisk: Росси́йская Акаде́мия Нау́к (РАН), Rossijskaja Akademija Nauk (RAN) består av Russlands nasjonalakademi, og eit nettverk av vitskaplege institutt frå heile Russland, som driv med forsking og har støtteinsitusjonar som vitskaplege bibliotek og forlag.

Akademiet har hovudkvarteret sitt i Moskva, og er ein sivil, sjølvstyrt, ikkje-kommersiell organisasjon. Presidenten til akademiet er Alexander Sergeev (sidan 2017).[1]

Medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Det er tre typar medlemskap i RAN: fullt medlemskap (akademikarar), korresponderande medlemmar og utanlandske medlemmar. Akademikarar og korresponderande medlemmar må vera innbyggjarar i Russland. Medlemmane vert valt basert på dei vitskaplege bidraga sine. Det er ei stor ære å veljast til medlem i akademiet. I oktober 2019 var det 829 fulle medlemmar, 451 utanlandske medlemmar og 1061 korresponderande medlemmar (inkludert 104 akademiske professorar; resten av dei 501 professorar er ikkje medlemmar av RAN).[2]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

RAS består av 13 greiner etter vitskapleg område, av tre territoriale greiner og av 15 regionale vitskapssenter. Akademiet har mange råd, komitear og kommisjonar, oppretta med ulike føremål.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Akademiet vart grunnlagt i St. Petersburg av Peter den store, etter råd frå Gottfried Leibniz[1]. Det vart kalla St. Petersburg Vitskapsakademi mellom 1724 og 1917 . Dei som vart invitert til å arbeida der var blant anna matematikarane Leonhard Euler, Christian Goldbach, Georg Bernhard Bilfinger, Nicholas og Daniel Bernoulli, botanikeren Johann Georg Gmelin, embryologisten Caspar Friedrich Wolff, astronomen og geografen Joseph-Nicolas Delisle, fysikaren Georg Wolfgang Kraft og historikaren Gerhard Friedrich Müller.

Under leiing av prinsessa Jekaterina Dasjkova (1783–96) var akademiet engasjert i innsamlingsarbeidet til den store Akademiske ordboka over det russiske språket. Ekspedisjonar for å utforska fjerne delar av landet hadde vitskapsmenn frå akademiet som leiarar eller aktive deltakarar. Blant desse var Vitus Bering sin andre ekspedisjon til Kamtsjatka i 1733–43, og Peter Simon Pallas sine ekspedisjonar til Sibir.

I desember 1917 møtte Sergej Oldenburg, ein leiande etnograf og politisk aktivist i kadettpartiet, Lenin for å diskutera framtida til akademiet. Dei var samde om at ekspertisen til akademiet måtte brukast i samband med spørsmål om statsbygging, og til gjengjeld ville Sovjetregimet gje akademiet finansiell og politisk støtte.

I 1925 anerkjende Sovjetunionens regjering St. Petersburgs vitskapsakademi som Den høgaste vitskaplege institusjonen til unionen, og namnet vart endra til Det sovjetiske vitskapsakademiet.

I 1934 vart hovudkvarteret til akademiet flytta frå Leningrad (tidlegare St. Petersburg) til den russiske hovudstaden Moskva, saman med fleire andre akademiske institutt.

Etter Sovjetunionens samanbrot fekk akademiet namnet Det russiske vitskapsakademiet[1], og overtok alle anlegga til Det sovjetiske vitskapsakademiet på russisk territorium.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Об Академии oppretta av den russiske regjeringa
  2. Члены РАН -- Medlemmar av RAN
  3. Структура РАН Strukturen til RAN

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]