Edvard M. Edvardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard M. Edvardsen
Fødd 18. desember 1910
Død

11. januar 2000

Yrke politikar

Edvard Magnus Edvardsen (18. desember 191011. januar 2000) var ein norsk skomakar og politikar frå Egersund som representerte Rogaland og ArbeidarpartietStortinget i over tolv år.

Edvardsen var son til ein fiskar. Sjølv gjekk han i skomakarlære frå 1925 og arbeidde som skomakar hos firma A. Haugland frå 1928 til 1965.

Frå 1934 var Edvardsen med i kommunestyret i Egersund til 1964. Åra 1945-51 var han ordførar i kommunen. Etter kommunesamanslåing var han medlem av kommunestyret i Eigersund frå 1965 til 1979, med unnatak for valperioden 1972-75. Han var styreformann 1946-49 i Egersund kommunale elektrisitetsverk og 1951-81 i Dalane Elektrisitetslag/Elektrisitetsverk. Samstundes var han 1952-81 styremedlem i Lyse Kraftverk.

I alle dei fem stortingsperiodane frå 1945 til 1965 var Edvardsen etter tur andre, tredje, fyrste og andre vararepresentant til stortinget frå Rogaland. Etter å ha møtt sporadisk som varamann til stortinget, fekk Edvardsen gjennom stortingsvalet 1965 fast plass i stortinget og vart sidan attvald i 1969 og 1973. Han var i 1965-69 medlem i Justiskomiteen og 1969-77 medlem i Sosialkomiteen. Edvardsen var landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti frå 1959 til -64 og vart i 1995 utnemnd til heidersmedlem i partiet.

I 1999 vart han tildelt ein medalje for sin innsats i Heimestyrkane i Milorg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]