Edward Weston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Edward Weston (24. mars 18861. januar 1958) var ein amerikansk fotograf.

Det tidlege arbeidet hans som etablert fotograf viser sterk påverknad frå impresjonistisk målarkuinst. I 1915 endra Weston syn på fotografien etter eit møte med moderne kunst som fekk han til å forlate flatterande mørkeromsteknikkar til fordel for skarpleik og vektlegging av form og flate. Storformatet vart det viktigaste verktøyet hans og bilete vart kontaktkopiert for å gje att fine detaljer best mogeleg. I 1920-åra møtte Weston fotografar som Paul Strand og Alfred Stieglitz, samt meksikanske kunstnarar som Diego Rivera, David Siqueiros og José Orozco. Han byrja å arbeide med naturen si utforming (stilstudiar av skjel, oppskjerte grønsaker o.l.), i 1929 tok han sine første bilete av klippeformasjonar og tre ved Point Lobos i California. Av dei finaste arbeida hans er ein serie med akt og former i sand, teken ved Oceano i California. I 1932 slutta Weston seg til den påverknadsrike fotogruppen f 64. Weston framstår som ein av dei viktigaste fotografane på 1900-talet, og var den første fotografen som mottok eit Guggenheim-stipend (1937).

Av samlingar har han mellom anna My Camera on Point Lobos frå 1950.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]