Edward Witten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edward Witten
Edward Witten.jpg
Fødd26. august 1951
Baltimore
NasjonalitetUSA
Områdefysikk
Yrkematematikar, fysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar
InstitusjonarPrinceton University
Alma materPrinceton University
University of Wisconsin–Madison
Brandeis University
DoktorgradsrettleiarDavid Gross
EktefelleChiara Nappi
BarnDaniela Witten, Ilana Witten
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Det pavelege vitskapsakademiet
American Mathematical Society
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Physical Society

Edward Witten (fødd 26. august 1951) er ein jødisk-amerikansk fysikar og matematikar.

Witten har særleg medverka til å setje lys på samspelet mellom fysikk og matematikk. Ved å kombinere intuisjonen sin innanfor fysikk med avanserte matematiske omgrep har han kome fram til nye resultat som igjen har danna grunnlag for bevis konstruert av andre. Bidraga hans til fysikken er særleg basert på kvantefeltteori og har ofte relevans for elementærpartikkelfysikk og kosmologi, medan det innan matematikk ofte dreier seg om omgrep av geometrisk og topologisk natur. Han vert saman med mellom andre J. Schwartz og M. Green rekna som ein av dei fremste på såkalla strengeteori.

Han vart professor ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA. Witten har fått mange priser for forskinga si. I 1990 delte han Fieldsmedaljen med V. Jones, V. Drinfeld og S. Mori.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Edward Witten