Eidsfjorden i Lebesby

Koordinatar: 70°49′37.528″N 27°26′23.021″E / 70.82709111°N 27.43972806°E / 70.82709111; 27.43972806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°49′37.528″N 27°26′23.021″E / 70.82709111°N 27.43972806°E / 70.82709111; 27.43972806

Eidsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Lebesby
Kart
Eidsfjorden
70°49′36″N 27°28′30″E / 70.82676°N 27.47499°E / 70.82676; 27.47499

Eidsfjorden (samisk Oarjjit Nuorevuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden på sørsida av Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 15 km søraustover til Hopseidet i botn av fjorden. Hopseidet er eit om lag 500 meter breitt eid som går over til botn av Hopsfjorden, ein fjordarm av Tanafjorden.

Fjorden har innløp mellom Kifjordneset i nord og Ersneset i sør. Vest for Kifjordneset går Kifjorden nordover. Dei einaste busetnadane ved fjorden er garden Nordmannset på nordsida i den ytre delen og ved Hopseidet i botn av fjorden.

Riksveg 888 går langs den indre delen av fjorden.