Hopsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hopsfjorden (samisk Nuoartat Nuorevuotna) er ein fjordarm av Tanafjorden i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden ligg på sørsida av Nordkinnhalvøya strekkjer seg 17 km vestover til Hopseidet i botn av fjorden. På andre sida av det om lag 500 meter breie Hopseidet ligg botn av Eidsfjorden

Fjorden har innløp mellom Segelneset i nord og Langfjordodden i sør. Sør for Langfjordodden går Langfjorden sørvestover. Skjånes er ei bygd på nordsida av fjorden. Litt vest for denne bygda går Ivarsfjorden nordover til bygda Ivarsfjord. På sørsida av fjorden ligg fjordarmane Store Skogfjorden og Litle Skogfjorden

Fv264 går langs begge sider av fjorden. Koordinatar: 70°46′38.701″N 28°1′4.3788″E