Eidvågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°32′52.408″N 23°29′43.055″E Eidvågen (samisk Muotkevuotna) er ein fjord på øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km søraustover til grenda Eidvågeidet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hellegjengneset i vest og Eidvågneset i aust. Det ligg enkelte gardsbruk langs vestsida av fjorden, men ingen større busetnader enn Eidvågeidet i botn. Her er det berre om lag 350 meter over til austsida av øya. Fjorden er 91 meter på det djupaste, like sør for Revneset.